SJØLVMELDING: Over 460.000 elektroniske brukarar har enno ikkje opna sjølvmeldinga. Fristen for levering går ut laurdag.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SJØLVMELDING: Over 460.000 elektroniske brukarar har enno ikkje opna sjølvmeldinga. Fristen for levering går ut laurdag.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Ein av åtte har ikkje opna sjølvmeldinga

Over 460.000 elektroniske brukarar har enno ikkje opna sjølvmeldinga. Fristen for levering går ut laurdag.

Indre Sogn: Det omtrent like mange i år som i fjor som ikkje har opna den førehandsutfylte sjølvmeldinga, trass fleire oppfordringar frå skatteetaten om å sjekke opplysningane.

– Sjølv om dei aller fleste har opna sjølvmeldinga si, er talet likevel høgare enn det vi ønskjer oss, seier Mariken Holter, kommunikasjonsdirektør i skatteetaten.

 I år har skatteetaten fått 50 millionar opplysningar frå blant andre arbeidsgjevarar, bankar, barnehagar og skulefritidsordningar, slik at sjølvmeldinga i størst mogleg grad er førehandsutfylt. (©NPK)

Til toppen