POSITIV AUKE: Folketalsveksten held fram for Luster kommune og Ivar Kvalen (t.v.), som har ein auke på 17 nye innbyggjarar i andre kvartal. For Arild Ingar Lægreid og Årdal kommune peikar pilene i motsett retning.

POSITIV AUKE: Folketalsveksten held fram for Luster kommune og Ivar Kvalen (t.v.), som har ein auke på 17 nye innbyggjarar i andre kvartal. For Arild Ingar Lægreid og Årdal kommune peikar pilene i motsett retning. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Folketalsutviklinga

Ein av dei kan smile breitt – den andre har utfordringar

Sidan 2011 har folketalsutviklinga i Luster gått i riktig retning. Sjekk tala for din kommune.

Luster: Det er ikkje mange år sidan dei bikka 5000 innbyggjarar. I Luster held den fine folketalsveksten fram i årets andre kvartal, syner tal frå Statistisk Sentralbyrå.

17 nye innbyggjarar har det blitt i kommunen i april, mai og juni. Totalt er det snakk om ein vekst på 33 nye lustringar sidan årsskiftet. Der er desidert best i Indre Sogn.

– Eg har sagt tidlegare at det knapt er eit måleparameter ein ordførar vert målt meir på enn folketalsutviklinga. No er dette kvartalstal og ting kan svinga, men det er klart at dette tykkjer me er kjekt. At folk vil flytta til Luster, set me sjølvsagt stor pris på, seier ordførar Ivar Kvalen til Porten.no.

Godt omdømme

Systemet er bygd opp på ein slik måte at innbyggjartal er fundament i inntektssystemet og finansieringa av velferda. Samstundes forklarar ordføraren veksten med at kommunen hans har brukt ein del på å utvikla gode bustadfelt og -område, og ikkje minst gode tenester.

– Eg er jo ein av dei optimistane som trur Sogn er ein attraktiv plass å bu for mange. Me har nærleik til offentlege tenester, god og variert arbeidsmarknad og flott natur. Eg trur det er nøkkelfaktorar. Sogn har etter kvart fått eit positivt omdømme, seier han.

Nedgang i Årdal

Men det er ikkje alle som haustar av det. I Årdal held folketalet fram med å gå nedover i 2017. Etter ein liten auke i årsskiftet, viste første kvartal ein nedgang på 24. Andre kvartal følgjer opp med ein nedgang på 8.

NEDGANG: I Årdal kommune held folketalet fram med å gå nedover i 2017. Etter første halvår har kommunen mista 32 innbyggjarar.
NEDGANG: I Årdal kommune held folketalet fram med å gå nedover i 2017. Etter første halvår har kommunen mista 32 innbyggjarar. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Med andre ord har det blitt 32 færre innbyggjarar i kommunen i første halvår. Ordførar Arild Ingar Lægreid likar det ikkje.

– Det er ei utfordring. Det er ikkje det me ønskjer, så dette må me berre jobba med. Det er ikkje bra for bygda og kommuneøkonomien. Denne veka går me i gang med økonomiplanen for dei neste fire åra. Då blir det eit tema kva me skal gjera med dette, seier han.

Ting kan snu fort

Skal ein sjå lyst på det, kan ein tenkje at ting kan snu fort. Eit pågåande hydrogen-prosjekt, ei omsnakka utviding på Norsun og optimisme i reiselivet er alle saker som kan ha mykje å seia for folketalet.

– Me jobbar med alt dette, og sjølvsagt jobbar med for å behalde og utvikle dei arbeidsplassane me har. Det er heilt naudsynt. Oppturen i reiselivet kjem etter ei bevisst satsing. Det er eit flott signal om at ting byrjar å gi resultat. Det er spennande, legg han til.

Årdal er ein av tre kommunar i Indre Sogn med nedgang i andre kvartal. Størst er nedgangen i Sogndal som tel -26. Også Leikanger har nedgang med -12.

Men det er berre sistnemnde og Årdal som er på minussida når ein ser første halvår under eitt med høvesvis -7 og nemnde -32.

Lærdal står på staden kvil med 0, medan Aurland og Sogndal har ein auke på 6 og 9 innbyggjarar. Men størst er auken i Luster, på 33 nye innbyggjarar.

Kommune Folkevekst hittil i år Folkevekst 2. kvartal 2017 Folketal
Leikanger -7 -12 2325
Sogndal 9 -26 7950
Aurland 6 2 1793
Lærdal 0 3 2159
Årdal -32 -8 5331
Luster 33 17 5184

(Kjelde: Statistisk Sentralbyrå)

Til toppen