Sogndal: Konsertscena Blaoboxen i kulturhuset i Sogndal har spikra programmet for vinteren og våren. Det største namnet på plakaten er trompetisten Nils Petter Molvær, ein av landets aller største jazzartistar
– Me er ekstremt godt nøgde med programmet me har sett opp. At artistar av Nils Petter Molvær sitt kaliber no legg ruta innom Sogndal og Blaoboxen, syner at konsertscena er i ferd med å etablera seg på nasjonalt nivå og bli ein naturleg stoppestad for norske artistar i toppklassen, seier Håvard Ese Eliassen i Blaoboxen i ei pressemelding.

Jazz for massane
Molvær kjem til Sogndal i februar og har med seg Geir Sundstøl på gitar, Erland Dahlen på trommer og skipsklokker og Jo Berger Myhre på bass.
Molvær er kanskje mest kjent for å blanda jazz og elektronisk musikk. Slik har han bygd opp ei tilhengarskare som går langt utover det tradisjonelle jazzpublikummet. I 1998 gav han ut Khmer, eit album som solgte 250 000 eksemplar på verdsbasis. I fjor kom Boyancy, plate nummer ni i rekka, og for den vann han spellemannsprisen i jazzkategorien.
Dei to andre artistane som er stadfesta denne vinteren er Darling West og Natalie Sandtorv:

To ferske namn på veg opp
Darling West er ferskingar på den norske countryscena, men har allereie rokke å få spellemannspris for andreplata Vinyl and a Heartache. I mars 2018 kjem oppfølgaren og Sogndal er ein av stoppestadane når gruppa legg ut på norgesturnè same månad.
– Konserten vert eit absolutt must for alle som elskar bra country, står det i pressemeldinga.
Natalie Sandtorv vart kåra til årets talent under Moldejazz i 2016. Hennar andre soloplate, Freedom Nation, kom i 2017. Når ho kjem til bygda i april blir det med fullt band.
– Ein konsert du seint vil gløyma, lover arrangørane.
Datoane blir slik:
- 6. februar - Nils Petter Molvær
- 14. mars - Darling West
- 19. april - Natalie Sandtorv