Indre Sogn: Sentraliseringa fører til sterk aldring i distriktskommunane frå eit allereie høgt nivå, viser Statistisk sentralbyrå (SSB) i sin analyse av befolkningsveksten i Noreg.
I hovudalternativet veks befolkninga med over 20 prosent i perioden 2016– 2040. Det vil vere vekst i alle fylke, men i ulik grad. Dei mest folkerike fylka veks mest, både i prosent og i talet på innbyggjarar.
Korleis ser tala ut for din kommune? Sjekk dei nedst i saka.
Oslo er på topp med 30 prosent vekst og Akershus kjem rett etter med 29 prosent. To fylke i nord, Nordland og Finnmark, får den minste veksten på rundt 7 prosent. Meir generelt vil innlandsfylka og dei nordlege fylka ha lågast vekst, i tillegg til Sogn og Fjordane og Telemark. Det er venta at folketalet i Sogn og Fjordane vil auke med 8000 til 2040.
Det er stor spreiing i veksten i kommunane. I hovudalternativet er det meir enn ein firedel av kommunane som får befolkningsnedgang, og 67 kommunar som har ein nedgang på meir enn 5 prosent.
Dette er hovudsakleg kommunar som ligg i den nordlege halvparten av landet, og mange av dei ligg usentralt til. 89 kommunar har tilnærma same folketal i 2040, mens det er vekst i dei 272 andre kommunane.
Av vekstkommunane har éin femdel over 30 prosent vekst. I hovudalternativet blir Noreg stadig meir sentralisert utover i perioden, og landsdelssentera og kommunane rundt desse vil vekse mest. (©NPK)
Kommune | 2016 | Hovudtal | LNV | HNV |
Leikanger | 2298 | 2500 | 2200 | 2700 |
Sogndal | 7839 | 10600 | 9700 | 11800 |
Aurland | 1763 | 1900 | 1700 | 2100 |
Lærdal | 2172 | 2100 | 1900 | 2300 |
Årdal | 5359 | 5000 | 4600 | 5600 |
Luster | 5093 | 5500 | 5100 | 6200 |