Knut Henning Litsheim ser både fordeler og ulemper med samanslåing av Vestland fylke, men at me no må forholde oss til det som har skjedd.
Knut Henning Litsheim ser både fordeler og ulemper med samanslåing av Vestland fylke, men at me no må forholde oss til det som har skjedd.

Ein av ti som får vitne fylkessamanslåing: Vil alltid sjå på seg sjølv som sogning

Knut Henning Litsheim vil ikkje kalle seg sjølv vestlending, eller vestlanding. No skal han vere med å slå fast det nye Vestland.

Høyanger:  – Eg ser på det som ei markering for at det er eit stort nytt Vestland, og no markerer me dette «giftemålet» med ei høgtidleg stund i Håkonshallen, seier Litsheim, som er frå Kyrkjebø.

Han er ein av dei ti heldige som blei plukka ut til å få vere med på den store hendinga når det nye Vestland blir konstituert.

– Det stod ei annonse i avisa om at det skulle få vere med ti stykker utanom frå ålmenta som kunne søke på dette. Så kona meinte eg skulle sende inn ein søknad sidan eg har jobba lenge i fylkeskommunen, og har vore offiser i Håkonshallen, seier han. 

Historisk hending

Det blir til saman over 200 gjester i Håkonshallen, skriv Sogn og Fjordane fylkesskommune på sine sider. Både nye fylkespolitikarar for Vestland og dei sitjande i Hordaland og Sogn og Fjordane er inviterte. Det er også alle ordførarane frå dei 43 kommunane i Vestland, representantar frå næringsliv, organisasjonar og frivilligheita. 

– Det er jo ei historisk hending som skjer uansett om ein er for eller imot. Det kan vere hyggeleg å vere tilstades på akkurat dette. Også kan eg fortelje til mine barnebarn at når Sogn og Fjordane og Hordaland vart slått saman så var eg tilstades på det første møtet. Det er gildt, seier han. 

Etter den store markeringa, skal det vere eit to dagar langt møte, og Litsheim har ikkje gjort seg opp nokon tankar på kva resultatet av det møtet kan bli. 

Vestlanding? Vestlending?

– Er du for eller i mot fylkessamanslåing?

– Eg ser både pluss- og minusfaktorar her, men eg tenker at verda går framover. På mange område hadde eg nok sett at me beheldt vårt gamle Sogn og Fjordane, men uansett kva som skjer, vil eg uansett vere sogning. Så lenge eg lever, seier Litsheim.

Han ser ikkje noko betre val enn sogning.

– Eg kan ikkje bli Vestlending, for det er jo også møringar og rogalendingar. Om eg skal bli Vestlanding, det veit eg ikkje, men det verkar veldig rart. 

Alle som var imot har tapt

Det har vore fleire opprør i fylker som allereie ønskjer skilsmisse, men om Sogn og Fjordane vert ein av dei, veit han ikkje.

– No er giftarmålet, så om det vert gravøl om eit år, så blir eg kanskje invitert då òg. Men om det skulle bli skilmisse, så får det berre skje. Eg dette ikkje om i sorg og fortviling for det, seier han og ler.

Og sjølv om han hadde i utgangspunkt ville behalde gamle Sogn og Fjordane, ser han positivt på det nye fylket.

– Om Sogn og Fjordane kjem ut som vinnarar eller taparar, synest eg ikkje er eit viktig poeng no. No er det vedtatt, så no må ein gjere det beste ut av det, seier han. 

Han meiner at når ei sak pågår, så kan ein protestere og kome med argument for og mot saka, men så snart eit beslutningsorgan har vedteke noko, så må ein forholde seg til det. 

– Alle som var i mot har tapt, og det har skjedd. Då må ein forholde seg lojalt til dette inntil det dukka opp nye forhold som gir grunnlag for ei ny vurdering. Det same må skje i det store spørsmålet om samanslåing. 

Til toppen