SUNNARE?: Folket er delt i synet på kor vidt økologisk mat er meir sunt enn ikkje-økologisk. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun
SUNNARE?: Folket er delt i synet på kor vidt økologisk mat er meir sunt enn ikkje-økologisk. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun

Éin av to trur ikkje økologisk er sunnare

Ei spørjeundersøking Nationen har gjennomført viser at halvparten trur ikkje økologisk mat er sunnare enn vanleg mat.

  • Endret

Av dei spurte trur 39 prosent at økologisk mat er sunnare, 30 prosent trur ikkje, 22 prosent like sunt og 9 prosent veit ikkje, viser undersøkinga.

Dagleg leiar i økoorganisasjonen Oikos er nøgd med at så mange svarar dei meiner økologisk mat er sunnare, og skuldar media for negativ omtale om økologisk mat.

Matmerk marknadsfører økologisk-merket på matvarer, og får 4,5 millionar kroner i støtte for det.

Professor Birger Svihus ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet meiner det ikkje er skilnad i kor sunn maten er, og er overraska over at ikkje fleire svara at økologisk og vanleg mat er like sunn.

Til toppen