VARSLING: Onsdag klokka 12.00 vil du høyre varslingssignala til Sivilforsvaret. Det viktigaste er ikkje kvar du søkjer informasjon ved akutt fare, men at du faktisk gjer det, seier Sivilforsvarets sjef Jon Birger Berntsen. Foto: DSB.

Éin av to veit kva Sivilforsvarets varslingssignal betyr

Onsdag klokka 12 uler tyfonane igjen. Berre halvparten av befolkninga  veit  kva for eit signal Sivilforsvaret testar, viser ei ny undersøking.

  • Endret

Indre Sogn: Varslingsanlegga blir testa to gonger i året, og dei siste åra er det signalet «viktig melding – lytt til radio» som er blitt sendt ut. Dette er tuting i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane.

– Signalet betyr i praksis «søk informasjon». Det viktigaste er ikkje kvar du søkjer informasjon ved akutt fare, men at du faktisk gjer det, seier Sivilforsvarets sjef Jon Birger Berntsen.

Ifølgje  ei undersøking Faktum Markedsanalyse har utført for Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, veit 49 prosent av befolkninga at det aktuelle signalet betyr at du skal søke informasjon i radio, TV, sosiale medium eller andre stadar.

27 prosent av dei spurde svarar at signalet betyr «flyalarm». 9 prosent trur det betyr «faren over», mens 15 prosent svarar «veit ikkje».

Dei rundt 1.250 varslingsanlegga i Noreg blir testa kvart år klokka 12 den andre onsdagen i januar og juni, og signalet kan høyrast av over halvparten av befolkninga.

Tidlegare skifta ein på å sende varslingssignala «viktig melding – lytt til radio», «flyalarm» og «faren er over», men no er det altså berre førstnemnde som blir brukt ved testane. (©NPK)

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen