Lærdal: «Lærdalstunnelen i Vest-Noreg er verdas lengste tunnel og kosta 153 millionar dollar å byggja, noko som utgjer 6 250 dollar per meter. Lengda på tunnelen gjorde at tunnelen vart utforma med ulike designelement for å motverka klaustrofobi og trøyttheit» skriv den amerikanske medieverksemda CNN.
Det er i kåringa "10 of the world´s greatest tunnels» at Lærdalstunnelen får rosined omtale. Og det er altså spesielt «romma» med den spesielle blåe lyssettinga som gjer tunnelen så unik:
"Lengda på tunnelen førte til innovasjon i bruk av åtferdsforsking og «førarpsykologi» i designet for å redusera førartrøyttheit og betra tryggleiken (..) Dette resulterte i opplyste «huler» kvar sjette kilometer, interessante punkt og ei unik føraroppleving».
Les meir om kåringa og sjå kva andre tunnelar som står på lista her.