ULUKKE: Ein bil har køyrd utfor vegen i Holesvingane på fylkesveg 52 ved Borlaug i Lærdal.
ULUKKE: Ein bil har køyrd utfor vegen i Holesvingane på fylkesveg 52 ved Borlaug i Lærdal. (Skjermbilde: Google Maps)

Bil ligg 10-15 meter nede i skråning etter utforkøyring, førar frakta til sjukehus

Klokka 17:35 melde Vest politidistrikt om ei trafikkulukke mellom Borlaug og Gol.

Lærdal: Ein bil har køyrt utfor vegen ved Holesvingane på riksveg 52 mellom Borlaug og Gol. 

Det var berre ein bil involvert. Førar, ein mann, var aleine i bilen og er medviten, men klagar over  smerter, melder politiet.

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen hos Vest politidistrikt opplyser til avisa Firda at det var forbipasserande som melde ifrå om ulukka.

– Førar skal ha kome krabbande opp til vegen, truleg i sjokk. Bilen ligg 10 til 15 meter nede i ein skråning, sa han til avisa. 

Alle naudetatane rykka ut til ulukka. Klokka 18:06 var brann og ambulanse på staden. 

– Brannvesen og ambulanse er på staden. Ein bil med ein person har køyrd av vegen ved Holesvingane, seier vaktleiar ved Alarmsentralen, Jan Gunnar Holvik til Porten.no klokka 18:06. 

Klokka 18:07 melder Vest politidistrikt at vegen vert steng i ein kort periode slik at luftambulansen skal få plass til å landa. 

SISTE: Klokka 18:51 melder politiet at føraren av bilen er frakta til Førde sjukehus. Vegen er open for trafikk. 

Til toppen