– Ein dag for å tenkje på andre som ikkje har det så godt​

På fleire skular vart SN-dagen markert måndag. På Tangen skule gjorde dei ein liten, men suksessfull vri på markeringa. 

Årdalstangen: – I alle år har me gått ein fredsmarsj på Årdalstangen og deretter hatt ei markering oppe på skulen, men i år fann me ut at me skulle gjera ein vri – nemleg å gå den same runden, men ta markeringa ved rådhuset, fortel rektor ved Tangen skule, Jan Kåre Stedje.

Som han sjølv seier, var det ein lur idé. For mange stoppa opp for å lytte og sjå flinke elevar markere SN-dagen framfor rådhuset.

Dagen har vorte feira sidan 1948 og markerer at SN-pakta tredde i kraft den 24. oktober 1945. 

– Det me kanskje ikkje tenkjer over, er at det er 115 ulike SN-dagar. Bakgrunnen er at ein skal stoppe opp i kvardagen og tenkja på dei som ikkje har det så godt som me har det. Me burde eigentleg stoppe opp på alle dagane, men no er det samla til éin dag, dagen i dag, der me markerer at me burde tenkja mykje meir på dei som ikkje har det så godt, held rektoren fram.

Appell og song

Ved rådhuset var heile skulen samla. Etter ein seanse oppe på skulen, der 4. klasse hadde laga eit opplegg for småskulen, gjekk elevane i ein fredsmarsj ned til rådhuset. 

Her heldt fleire av elevane appellar som tilfeldig forbipasserande stoppa opp for å få med seg. Dei song også songar om venskap og mobbing. 

Aurora Holsæter og Mathilde Dvergedal fortalte kvifor ein markerer denne dagen og kva den står for.

– Men framleis er ikkje verda like fantastisk som me hadde håpa for 70 år sidan. Framleis er det mange som dør av krig og lever i fattigdom, las Aurora Holsæter.

– Målet er at innan 2030 skal SN ha funne gode løysingar for å ta vare på behova til menneska i dagens samfunn utan å øydeleggja for framtidige generasjon, fulgte Mathilde Dvergedal opp. 

Til toppen