– Ein får ei god kjensle

Det seier syriske Shahem Deirki etter støttekonserten til flyktningane torsdag kveld.

Årdal: Han har sjølv reist den farefulle vegen som så godt har blitt skildra i media dei siste månadane, noko som gjev ei trist kjensle. Samstundes er han overlykkeleg for artistdugnaden, der alle inntektene skal gå til å hjelpa menneske på flukt.

– Desse pengane går til flyktningar i andre land, og eg føler ei glede over at andre land og kulturar hjelper oss og samlar inn pengar for å hjelpa dei som er på flukt, seier han til Porten.no.

Den to timar lange konserten med gode, lokale innslag samla eit fullstappa kulturhus i Øvre Årdal.

Sjå stort biletegalleri øvst i artikkelen.

Artikkelen held fram under biletet.

– FANTASTISK: Shahem Deirki (til høgre) viste stor takksemd for konserten. Her står han saman med ein ven og initiativtakar Anne Margrete Hatlelid.
– FANTASTISK: Shahem Deirki (til høgre) viste stor takksemd for konserten. Her står han saman med ein ven og initiativtakar Anne Margrete Hatlelid.

– Dette var over all forventning med folk som har stilt opp. Eg er utruleg spent på korleis kakesalet har gått. Eg tør ikkje seia noko om kor mykje me har samla inn enno fordi me har framleis eit sal på Veekiosken me ikkje kjenner til og ungdommens sin innsats, seier Anne Margrete Hatlelid ved Hero, som var initiativtakar til artistdugnaden.

Fått inn mykje pengar

Ho kan likevel avsløre at førebelse oppteljingar har gitt ein sum på over 30.000 kroner, og då er heller ikkje bidraga frå næringslivet talt med.

– Dei sterke bileta som har vore i media og dei menneske eg treff kvar dag på jobb som har vore gjennom akkurat dette, har berørt meg såpass at eg har behov for å hjelpa. 

– Det gjeld alle som jobbar på mottaket. Me treff dei kvar dag, og når ein ser den gleda dei har vist til oss etter dei fekk høyra om prosjektet og konserten, gjer det berre kjekt å hjelpa, seier ho.

«Daudens reise»

Og ein av desse er nettopp Deirki. Han har som nemnd sjølv reist det han kallar «daudens reise». 

– Du har ingen garanti at du når den andre sida av havet. Du reiser med båtar som er meininga å ta ti personar, men som det er 25 menneske i, men du tar den risikoen fordi bak deg ligg det daud også.  Du har ikkje noko val, seier han og takkar dei som stiller opp.

– Dette er veldig vanleg i dykkar kultur. De lærer folk tidleg å hjelpa andre, uansett kva rase, religion eller land, bryr de dykk ikkje fordi det er nokon som treng hjelp. 

Dugnadsand

Det var ikkje berre han som sette pris på konserten. Den musikalske hjelpande handa frå Hugin Musikkforum var eit godt show med innslag som Blueslaget, Raaskinn, STUV, System of Six og Ketil Thorbjørnsen for å nemne nokre.

Godt hjelpt av klassar på ungdomssteget som bidrog med kake-, kaffi- og loddsal blei aktørane takka med ståande ovasjonar frå publikum. 

Til toppen