EIN AV TI: Malik Riishøj song ei vise frå den danske øya Fyn under opninga av Sogn jord- og hagebruksskulen. Han er ein av ti danskar som komande skuleår utdannar seg i Aurland.
EIN AV TI: Malik Riishøj song ei vise frå den danske øya Fyn under opninga av Sogn jord- og hagebruksskulen. Han er ein av ti danskar som komande skuleår utdannar seg i Aurland. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Ein firedel av elevane ved jord- og hagebruksskulen er danskar

- Flotte, ressurssterke elevkrefter, seier rektoren

Aurland: Av dei 44 elevane som i år går på Sogn jord- og hagebruksskule er ti frå Danmark. Rektor Aksel Hugo forklarar dette slik:

- Det handlar litt om at den skulen i Danmark som var tilsvarande vår, altså innan økologisk landbruk, vart lagt ned. 

- Det andre er at det er veldig greie ordningar for danske elevar å koma hit. Ukomplisert med både språk og lånekasse og slike ting.

- Det tredje er at ryktet har spreidd seg, trur eg - frå munn til munn.

Les også: Ønskja nye og gamle elevar velkomne til det heilt spesielle skuleåret

Aukande popularitet blant danskane

Skulen har fleire internasjonale studentar, her er elevar frå både Tyskland, Nederland og Argentinga. Men danskane dominerer heilt klart blant elevane som kjem frå andre land. Og det er gode elevar, fortel Hugo

- Me har veldig ressurssterke elevar frå Danmark. Foilk som er utdanna kokkar og i det heile flotte, ressurssterke elevkrefter. Og dette er aukande, for før har det vore snakk om ein eller to i kvar av klassane.

Fire av danskane går Vg2, seks i Vg3.

Og viss du er av oppfatninga at dansk landbruk berre handlar om enorme svinefarmar med eit industrielt preg, tek du feil, kan Hugo forklara

- Om ein ser på prosent omsetnad av jordbruksvarer har danskane kring fire gonger større del økologiske varer enn me har i Noreg. I Norden har Danmark vore føregangslandet når det gjeld økologisk landbruk volummessig. Medan me i Noreg har om lag to og ein halv prosent økologiske varer inne i totalen, trur eg dei nærmar seg ti prosent i Danmark. Og her i Noreg er målet tjue prosent, så me er langt unna.

Til toppen