Foto: Nicolay Woldsdal
Foto: Nicolay Woldsdal

Ein gjennomtenkt heim

Enkle triks kan hjelpe deg med å skape lekre blikkfang. Interiørarkitekt Therese Flate Knutsen fortel korleis.

  • Endret
PRAKTISK: Kjøkenbenken frå IKEA har blitt lesebenk under vindauget. – Under benken er det plass til alt rotet vi ikkje vil vise fram, seier Therese.
PRAKTISK: Kjøkenbenken frå IKEA har blitt lesebenk under vindauget. – Under benken er det plass til alt rotet vi ikkje vil vise fram, seier Therese.

Therese Flate Knutsen (39) sit i ein grå sjeselong, med blikket vendt utover fjorden. Det var plasseringa som var avgjerande då ho og familien kjøpte huset i Ålesund, som dei flytta inn i like før jul.

No er dei midt i ein oppussingsprosess. Kjøken, stove og bad er ferdig. Therese, som er interiørarkitekt og bloggar, går inn for å setje sitt eige preg på alle rom.

– Å planleggje oppussing er eit prosjekt i seg sjølv. Eg lagar alltid eit «moodboard» der eg limer inn både fargeprøver, magasinutklipp, teikningar og prisar, seier ho.
På denne måten er det enklare å halde styr på alle ideane, i tillegg til at ein ser dei i kombinasjon før ein startar.

Historia

Bebuarane har alltid ei historie. Kvifor ikkje vise ho fram? Therese føreslår å fylle ein utvald vegg eller to med eigne bilete, eller å lage ein biletstige ein enkelt kan flytte rundt.

Therese går bort til kjøkkenbenken, der ho har sett opp fleire svarte rammer inntil veggen. Ho meiner rammene kan fungere som eit dekorelement i seg sjølv.

Artikkelen held fram under biletet

KJØKEN: Therese har vegglampar og innebygde skap på kjøkenet. Det gir rommet eit stilig preg.
KJØKEN: Therese har vegglampar og innebygde skap på kjøkenet. Det gir rommet eit stilig preg.

– Det skaper eit mønster som gjer veggen meir spennande. Spesielt dersom hjørna kryssar kvarandre.

Bøker og blad ligg på utstilling i den romslege stova. Både som forhøging på eit bord og i ein vindaugskarm.

– Nokon har brukt lang tid på å designe framsida på bladet, så kvifor ikkje bruke den til noko?

Therese ser bort på den tjukke bunken med interiørmagasin og legg smilande til: – Det er ikkje tilfeldig kva for eit blad som ligg øvst.

Artikkelen held fram under biletet

MEDVITEN LYSSETTING: I stova har Therese plassert spotane slik at dei skaper eit lysmønster på veggane.
MEDVITEN LYSSETTING: I stova har Therese plassert spotane slik at dei skaper eit lysmønster på veggane.

Grøn trend

Ifølgje 39-åringen er grøne vekstar ein del av vårtrenden. Ho meiner forma på blada kan vere minst like dekorativ som sjølve blomsteren. Sjølv har ho mange ulike grøne blad fordelt i fire enkle vasar på spisebordet.

– Eg veit ikkje kva alle heiter, det er berre ulike planter eg har funne her og der, seier ho og knip av eit par visne blad.

Også på veggane er grønt ein trend denne våren.

– Eit målingsstrøk kan bidra til å skape ei stor forandring, kommenterer interiørdesignaren. Ho synest mange kan vere litt meir vågale på dette området. For eksempel treng ein ikkje å la det bli med éin fondsvegg når ein målar med ein ny farge – ein kan like gjerne male heile rommet

– Mintgrønt vil kome meir og meir saman med nordisk tre. Blandar du desse to fargane, med ein minimalistisk stil, kan du få eit trendy uttrykk.

Artikkelen held fram under biletet

VEKSELBRUK: I tillegg til å handle bruktmøblar ho stylar sjølv, driv Therese utstrekt vekselbruk med eigne møblar. Desse betongborda har både vore brukte på terrassen og som nattbord. I dag er dei sofabord.
VEKSELBRUK: I tillegg til å handle bruktmøblar ho stylar sjølv, driv Therese utstrekt vekselbruk med eigne møblar. Desse betongborda har både vore brukte på terrassen og som nattbord. I dag er dei sofabord.

Ryddig bustad

– Oppbevaringsmoglegheiter får ein aldri nok av. God oppbevaring bidreg til ei meir rein og avslappa atmosfære i heimen, seier interiørdesignaren.
Ho har sjølv innreidd med kjøkkenbenkar frå Ikea – både som lesebenk ved vindauget og som baderomsinnreiing. I tillegg har ho innebygde skap i stova og på kjøkenet. TV-en er dessutan skjult i ei innebygd hylle på ein svart vegg. På denne måten stel han minst mogleg merksemd frå rommet.

I Ålesund-heimen har sunnmøringen dessutan lagt vekt på å samle dei små gjenstandane i grupper. Ho danderer alt frå lys, bilete, blomster og nips på ulike brett. Slik held ho dekoren under stram kontroll.

BILETSTIGE: Med ein slik biletstige kan ein samle bileta i huset på ein praktisk, flyttbar måte.
BILETSTIGE: Med ein slik biletstige kan ein samle bileta i huset på ein praktisk, flyttbar måte.

Unikt og eige

Interiørentusiasten stryk over bordplata på spisebordet. Ho forklarer at dei fekk ein stålverkstad til å lage understellet. Bordplata kjøpte dei sjølve, og beisa ho i ønskt farge.

– Det er billigare enn eit designbord, og ein får det akkurat slik ein sjølv ønskjer, seier ho. På badet har ho gjort det motsett: Vasken er støypt etter eigne mål, medan understellet er av den billige, men praktiske sorten.

Å blande nye ting med arvegods og gjenbruk er eit nyttig tips frå Therese. Ho føreslår til dømes å setje eit gammalt bord med bølgjete former inn i eit interiør som er meir stramt og moderne. Det kan bidra til å skape personlegdom i bustaden.

(©NPK)
 

Til toppen