NØGD: Ole Bjarne Hovland, leiar i Naddvik sankelag, kan vera nøgd med etter ein god beitesesong, der tapet av lam er godt under normalttapet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NØGD: Ole Bjarne Hovland, leiar i Naddvik sankelag, kan vera nøgd med etter ein god beitesesong, der tapet av lam er godt under normalttapet. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Ein god beitesesong gir han grunn til å smila

Etter ein forferdeleg beitesesong i fjor, der rekordmange lam vart tekne av jerv, er ein tilbake til normalen i år. 

Årdal/Lærdal: Ole Bjarne Hovland samanliknar årets sesong med fjoråret som natt og dag. Medan fjoråret var prega av dårleg beite og eit stort rovdyrproblem, så kjem dei godt under normalttap utan rovdyr i år.

– I starten av denne beitesesongen hadde me gode beite heime før me sendte dei til fjells, så lamma var faktisk i snitt eit par kilo tyngre enn vanleg. Mykje snø gjorde at fjellsendinga vart utsett, så me var litt spente på korleis dei ville takle det.

– Men det vart jo ein god beitesesong i fjellet. Det er det første graset som er mest næringsrikt, og nytt gras dukka stadig opp, så dei har vakse jamnt og trutt, og det er snakk om rekordvekter for min del iallfall. Dei er opp mot 50 kilo i levande vekt, seier Hovland, som er leiar i Naddvik sankelag.

Les også: – Ein stor dag for oss som driv med avl

I fjor tok jerven over 600 sau i Årdal og Lærdal. Hovland fortel at det ser ut til å ha mista 30 i år, men det er vanleg fordi nokre blir sjuke eller dett i ei elv og liknande.

Ti tekne i Lærdal

Det same talet opererer dei med i Lærdal, men der er det dokumentert at jerven har teke iallfall ti lam.

– Det har vore ein spesielt god sesong. Kvaliteten på dyra har aldri vore maken, og på nordsida, der rovdyr var eit stort problem i fjor, har det vore reint paradisisk, seier Kåre Rudningen, leiar i Lærdal sankelag.

Artikkelen held fram under biletet.

– PARADISISK: Slik skildrar leiar i Lærdal sankelag Kåre Rudningen tilstandane i det området som jerven tok så mange lam i fjor. Her saman med Anders Haugen, tidlegare leiar i sankelaget.
– PARADISISK: Slik skildrar leiar i Lærdal sankelag Kåre Rudningen tilstandane i det området som jerven tok så mange lam i fjor. Her saman med Anders Haugen, tidlegare leiar i sankelaget.

Han understrekar at det framleis er litt for tidleg å konkludere heilt fordi ein manglar rapportar som skal koma i neste månad, men Rudningens råtips er eit tap på tre prosent. 

– Viktig å halde trykket oppe

Dei to peikar begge på godt arbeid frå myndigheitene si side og jegerar i vinter. Hovland meiner det vart gjort ein for dårleg jobb vinteren 2013 til 2014. I år derimot, er han langt meir nøgd.

– Det er slik politikken skal fungera i eit beiteprioritert område som me er i. Eg er veldig godt nøgd med jobben som er gjort, og no er det om å gjera å halde trykket oppe, slik at dette ikkje blir ei soveputa. 

Tidlegare leiar i Lærdal sankelag, Anders Haugen, trur tispa som vart teken i Utladalen tidlegare i år var den som herja slik i fjor.

Artikkelen held fram under biletet.

GOD KVALITET: Bøndene rapporterer om god kvalitet på lamma i år med mykje kjøtt og lite feitt. For Hovlands del er det snakk om rekordvekter, seier han.
GOD KVALITET: Bøndene rapporterer om god kvalitet på lamma i år med mykje kjøtt og lite feitt. For Hovlands del er det snakk om rekordvekter, seier han.

– Me er temmeleg sikre på det er ein av jervane som vart tekne ut, men det var ikkje mogleg å sikre DNA-spor, så ein kan ikkje vera heilt sikker, men alt tydar på det. 

Kunnskap og innsikt

Rudningen skildrar dette som stang inn, men det er også ein stang ut.

– Me visste det var ei tispe på sørsida, spesielt i grenseområdet mellom Ljøsne og Borgund. SNO gjorde ein stor innsats for å ta ho ut i vinter, og når våren kom, fekk me skadefellingsløyve, men der har me ikkje lykkast, seier han og peikar på kunnskap om jerven som viktig for vidare arbeid.

– Det kan hende at viss folk får trening og kunnskap om jervejakt og korrekt plassering av åte, så kan ein gjera noko, men det er iallfall krevjande. Det går mykje tid og ressursar, og mange av dei som driv med sau, vil driva med nettopp det, ikkje jakt.

Til toppen