Vibeke Johnsen og Gaute Losnegård, første og andre kandidat til stortingsvalet for SV.

meiningar

Vibeke Johnsen og Gaute Losnegård, første og andre kandidat til stortingsvalet for SV. (Bilde: SV)
meiningar

Stortingsvalet 2017

Ein god distriktspolitikk

Norge har historisk sett vore prega av spreidd busetnad. To tredeler av folket bur utanfor dei fem største byane. Trass sterke sentraliseringstendensar har vi gjennom ein aktiv distriktspolitikk makta å halde på ein busetnad mange andre land ikkje har fått til.

Reformer som aukar sentraliseringa er til dømes politireforma og region- og kommunereforma. Desse reformene har vore gjennomførte utan felles og naudsynt målforståing. Dette skapar unødig usikkerhet og frustrasjon. Når ein kommuneadministrasjon blir flytta, så forsvinn det såkalla kompetansearbeidsplassar. Det same gjeld politiet, ikkje berre blir politiet meir usynleg, men kompetanse forsvinn også. Distriktspolitikk må ein sjå på på same måten som med klima. Det må vere eit omsyn som går på tvers av alle samfunnsområde.

Levande bygder er ein viktig føresetnad for eit godt samfunn i framtida, og på einskilde område er det viktig med spesielle tiltak. Innanfor næringspolitikken bør det utviklast tydelege planar for miljø- og klimavenleg godstrafikk, til dømes elektrisk ferjedrift. Vi må stimulere til minst mogleg utslepp innanfor mineralnæringa, metall- og materialindustrien og havbruksnæringa. Statleg støtte til innovasjon og verdiskaping må i større grad enn no kome bedrifter i distrikta til gode. Det må også leggjast til rette for at dei minste verksemdene kan få tilgang på kompetanse og utstyr nær der dei er. SV meiner at bruk av naturressursar bør skattleggast fordi dette er fellesressursar der skatten kan vere med å bidra til ny næringsverksemd.

SV vil elles:

  • At staten bidreg i større grad til regionale såkornfond, vidareutvikle dei regionale forskingsfonda og styrke rammevilkåra gjennom regionale utviklingsmidlar
  • Stimulere til tettare og meir føreseieleg samarbeid i distrikta mellom næringsliv, offentleg sektor og FoU-miljøa.
  • At nye statlege arbeidsplassar lokaliserast utanfor Oslo og at digitaliseringa vert brukt til å desentralisere offentleg verksemd.
  • Vidareutvikle næringshagane.
  • Oppretthalde og styrke regionale og lokale tilskotsprdningar, og oppretthalde differensiert arbeidsgjevaravgift.

Det er viktig å skape og styrke levande lokalmiljø. Felles arenaer gir ei god kjensle av å høyre til. Butikkar som har fått støtte i Sogn og Fjordane er til dømes Kvammen Handel i Askvoll, Coop Marknad Fjelli i Stryn og Matkroken Veitastrond i Luster. Nærbutikken er mange stader den viktigaste møteplassen for folk. Det er også den nærings- og tenesteaktøren som har størst spreiing.  

Merkurprogrammet er verktøyet for å utvikle nærbutikkar og bokhandlarar med ein tydeleg distriktsprofil gjennom kompetanseheving og investeringsmidler til utvikling av nærbutikkar og bokhandlar med ein tydelig distriktsprofil. Merkurprogrammet vert drive frå Førde, og er såleis eit godt døme på at nasjonale tiltak kan bli drivne langt frå Oslo. SV vil utvikle Merkur vidare og auke løyvingane monaleg slik at også norske bygder får eit fullgodt tilbod.

Vibeke Johnsen
1. kandidat

Gaute Losnegård
2. kandidat for SV i Sogn og Fjordane

Til toppen