Helene Skål, likestilling og inkluderingsansvarleg i AUF i Sogn og Fjordane.

meiningar

Helene Skål, likestilling og inkluderingsansvarleg i AUF i Sogn og Fjordane. (Foto: Arbeidarpartiet)
meiningar

Stortingsvalet 2017

Ein god eldreomsorg med ei ny regjering

Som elev på helse- og oppvekstfag ser eg tydeleg verdien av å bidra til at dei eldre skal få ein god kvardag. Som ein del av undervisninga har vi praksis og i vinter var eg to lærerike veker i heimesjukepleien. Overraskande fort fekk vi innblikk i liva til dei eldre og kvar gong vi hadde moglegheit til å sette oss ned for ein liten prat, lyste smilet deira opp. Likevel er det ikkje alltid vi har dei ekstra minutta til å sette oss ned med brukarane, då det kan til tider kan vere svært hektisk. Vi treng fleire hender i heimetenesta.

Det er tydeleg at vi treng meir tid med dei eldre. Kvart stell har ein tidsfrist og om eg hadde brukt nokre minutt lenger tid enn det som er planlagt, forsinkar det dagen og går utover heile lista eg skal gjennom. Ein del av brukarane har familie som ikkje bur i nærleiken og har ikkje mange bekjente eller venar som kjem innom. Dette er ein av grunnane til at dei eldre ofte blir ekstra glad om vi som tilsette har tid til å ta ein prat med dei. Du ser at dei eldre blir i godt humør, og det same blir vi tilsette.

Vi som jobbar i heimetenesta gjer ein viktig jobb, og det er noko vi må få fram i lyset. Ofte møter eg fordommar med at vi berre har ‘kjedelege’ arbeidsoppgåver. Ein førebind min jobb med do-besøk, mating og medisinar. Ja, det er ein del av den jobben vi utfører, men jobben vi gjer inneber så mykje meir enn det. Kanskje det viktigaste vi gjer er dei små tinga som kjem utanfor yrkesbeskrivelsen: den gode samtalen og at dei eldre ikkje skal føle seg einsame.

Arbeidarpartiet vil at vi skal bruke dei store pengane på dei store oppgåvene. Det skal vere godt å bli gamal i Noreg. Eldre skal få leve dei liva dei sjølv ynskjer, i tryggleik om at fellesskapet stillar opp med meir hjelp når behovet oppstår.

Vi må gjere det meir attraktivt å kunne jobbe i heimetenesta. Behova i eldreomsorgen vil auke kraftig framover. Difor vil Arbeidarpartiet auke mengda årsverk i pleie- og omsorgstenestene i takt med behovet fram mot 2025. Behovet er størst for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Fleire faste, heile stillingar er avgjerande for å gjere det meir attraktivt å jobbe i eldreomsorgen, samstundes som det stimulerer til å satse på dei tilsette sin kompetanse og erfaring. Vi treng ei ny regjering for dei eldre.

Helene Skår
Likestilling og inkluderingsansvarleg i AUF i Sogn og Fjordane

Til toppen