FEKK FOLK TIL Å OPNA KISTENE SINE: Aagot Noss fekk folk til å opna kistene sine og fortelja om korleis dei folkedraktene og blei laga og brukte. Her er er ho sjølv med si eiga kiste i juni 2014. Kista står no på Norsk Folkemuseum. (Foto: Tone Oppsato / Bilete frå boka).
FEKK FOLK TIL Å OPNA KISTENE SINE: Aagot Noss fekk folk til å opna kistene sine og fortelja om korleis dei folkedraktene og blei laga og brukte. Her er er ho sjølv med si eiga kiste i juni 2014. Kista står no på Norsk Folkemuseum. (Foto: Tone Oppsato / Bilete frå boka).

Ein hyllest til bunadsdronninga

I 30 år sykla Aagot Noss rundt i Noreg for å intervjua folk om folkedrakter og bunader. No er biografien om bunadsdronninga klar.

 - Ho blei kalla bunadsdronninga fordi ho var den fremste når det gjaldt kunnskap om norske folkedrakter i si samtid, seier forfattaren og NRK-journalisten Anne Lognvik.

I boka «Tradisjonen tru» skildrar ho livet til folkedraktgranskaren frå vogge til grav. Boka byggjer på intervju med Noss sjølv og med familie, venner og kollegaer av bunadskjennaren.

Tøff start på livet

Aagot Noss blei fødd i Ål 9. oktober 1924 som nummer tre i søskenflokken. Ho fekk ein dramatisk start på livet. Mora døydde i barsel, og sjølv var ho så lita at ho fekk plass i ei skoøskje. Mange tvilte lenge på om ho ville klara seg.

For faren blei det for vanskeleg å ta hand om den nyfødde i tillegg til garden og dei andre ungane. Aagot vaks difor opp hos besteforeldra.

Hos besteforeldra lærte Aagot tidleg både arbeidsglede og at arbeidet skulle gjerast grundig. Bestefaren var ein driftig og framsynt mann med tru på eigne idear og sterk gjennomføringsevne. Bestemora var også ei trygg og gløgg dame.

Forfattaren meiner denne oppveksten var med å forma folkedraktgranskaren og gjera henne både sterk og stolt av bakgrunnen sin.

Artikkelen held fram under bilete

LITA PRINSESSE: Dette biletet viser Aagot Noss som 3-åring i 1927. Ho fekk ein dramtisk start på livet, og voks opp nesten som einebarn hos besteforeldra. Heilt frå ho var lita hadde ho ein sterk vilje.
LITA PRINSESSE: Dette biletet viser Aagot Noss som 3-åring i 1927. Ho fekk ein dramtisk start på livet, og voks opp nesten som einebarn hos besteforeldra. Heilt frå ho var lita hadde ho ein sterk vilje.

Ikkje glad i handarbeid

At Aagot Noss skulle bli bunadsekspert, var likevel ikkje sjølvsagt. Som barn var ho ikkje glad i verken handarbeid eller bunad. Ho broderte aldri og verken strikka eller vov, blir det fortalt.

Aagot merkte seg derimot tidleg ut med at ho var viljesterk og flink på skulen. Besteforeldra var difor opptekne av at ho skulle få seg ei utdanning. Etter å ha studert engelsk, norsk og historie ved Universitetet i Oslo hadde ho eigentleg tenkt å bli lærar, men ein telefon frå Norsk Folkemuseum endra planane.

Artikkelen held fram under bilete

Ein hyllest til bunadsdronninga
LIKTE IKKJE Å GÅ I BUNAD: Aagot Noss var den einaste som hadde bunad av jentene då ho konfirmerte seg. Men sjølv likte bunadseksperten aldri å gå i bunad. Då syntest ho det ofte blei for mykje blest om henne som person. (Foto: Sigvat Tveito / Bilete frå boka).
 

Museet var på jakt etter nokon som kunne samla inn opplysningar om dei gamle folkedraktene. Etter krigen var kunnskapen om desse i ferd med å bli borte. Når Aagot blei kontakta, var det fordi museumsdirektøren hadde høyrt at ho hadde skrive hovudoppgåve om høgtidsskikkar i Hallingdal – der innsamlingsarbeidet skulle starta.

Slik gjekk det til at den unge filologistudenten i 1956 blei tilsett i ei mellombels stilling på Norsk Folkemuseum. Året etter blei ho forskingsstipendiat og fekk ansvar for den nasjonale folkedraktundersøkinga. Det skulle bli starten på ein livslang karriere.

Samlarferder på sykkel

I tretti år reiste ho rundt om i landet for å intervjua folk om korleis folkedraktene og bunadane blei brukte og laga. Der det var mogleg, nytta ho sykkel som framkomstmiddel.

– Ho såg store deler av landet frå sykkelsetet, det var ein god måte å bli kjend med folk og landskap på, skriv forfattaren.

Artikkelen held fram under bilete

BUNADSBRUDER I JØLSTER: På 60- og 70-talet reiste Aagot Noss mykje til Vestlandet. Der var ho mellom anna oppteken av sølvet på bunadane. Søstrene Aasta og Eva Eide i Jølster var to av dei ho møtte. Her er dei ferdigpynta til bryllaupsdagen 21. oktober 1967. Eva til høgre har det såkalla huldresølvet.
BUNADSBRUDER I JØLSTER: På 60- og 70-talet reiste Aagot Noss mykje til Vestlandet. Der var ho mellom anna oppteken av sølvet på bunadane. Søstrene Aasta og Eva Eide i Jølster var to av dei ho møtte. Her er dei ferdigpynta til bryllaupsdagen 21. oktober 1967. Eva til høgre har det såkalla huldresølvet.

Bygdebakgrunnen hennar, måten å vera på og respekten ho hadde for strevet og nøysemda som låg bak folkedraktene og bygdekulturen, gjorde at Aagot Noss blei møtt med stor tillit. Folk opna ikkje berre kistene med dei mest dyrebare klesplagga sine for den tillitsfulle museumsarbeidaren, men også hjarta og sjela si om ting som tyngde dei.

– Føregangskvinne

Den ivrige dokumentaristen blir kalla ei føregangskvinne når det galdt å ta informantane sine på alvor.

– Ho innførte ein ny måte å tenkja på der ho la stor vekt på den munnlege tradisjonen og korleis folk hugsa at folkedraktene blei brukte og laga, heiter det.

For mange bygdefolk blei Aagot Noss ein døropnar til å forstå at kunnskapen deira om folkedrakter og bunader var viktig å ta vare på. Mange blei også inspirerte til å leita vidare etter eigen kunnskap om dei tradisjonelle klesplagga.

Tru mot eigne røter

For Aagot Noss var det viktig å dela vidare det ho hadde funne ut og samla inn på samlarferdene sine. Gjennom dei førti åra ho var tilsett på Norsk Folkemuseum, hadde ho ansvar for mellom femten og tjue utstillingar. Ho laga også filmar, heldt føredrag, skreiv artiklar og gav ut heile tretten kunstbøker.

Artikkelen held fram under bilete

STOR FORMIDLAR: Aagot Noss var ein stor formidlar og skreiv sjølv mange bøker. Boka om Adolph Tidemand og folk han møtte blir trekt fram som eit storverk.
STOR FORMIDLAR: Aagot Noss var ein stor formidlar og skreiv sjølv mange bøker. Boka om Adolph Tidemand og folk han møtte blir trekt fram som eit storverk.

Den store kunnskapen hennar gjorde at ho blei sett på som ein ekspert også utanfor landegrensene. For innsatsen sin blei ho heidra med ei rekkje prisar. Å bli utnemnd til riddar av St. Olavs orden skal ha vore den utmerkinga ho sjølv sette mest pris på.

Men sjølv om ho fleire gonger møtte både kongelege og andre personar høgt på strå, gløymde ho aldri kvar ho kom frå. (©NPK)

Til toppen