«Den store høsteboka» av Kirsten Winge er no på marknaden. Forfattaren er også biolog, jeger og anerkjend villmarkskokk. Ho kjem med nyttige tips til både ferskingar og pasjonerte sankarar, og hyllar den norske sanketradisjonen
– Eg lir av sankesjuka. Eg elskar på plukke bær og andre vekstar. Mykje bær og mange vekstar! Og mange ulike sortar. Eg slappar fullstendig av og kosar meg når eg driv med dette, fortel Kirsten Winge i boka. Ho brukar ikkje alt ho plukkar sjølv, men gir gjerne bort til andre. Mykje blir til ulike produkt på blant anna glas og flasker.

Sanketradisjonen er lang i Noreg, men det er nok færre og færre nordmenn som driv matauk i naturen. Vi får jo stort sett kjøpt det meste av det vi treng i butikken no til dags! Hausting av smaksrike bær, sopp og ville vekstar kan likevel gi oss både trim, frisk luft, gode stunder og naturopplevingar – og ikkje minst gode måltid seinare.
Sanke- og mattips
Kokken og sankaren Kirsten Winge ønskjer å dele kunnskapen og erfaringane sine med andre. Og ho gir oss dei beste haustetipsa sine. Saman med tipsa byr ho på ein del metodar og framgangsmåtar, kanskje med ny vri, og mange spesielle oppskrifter. Hundre til saman av både mat og drikke. Bileta i boka, som er tekne av Arne Nohr, er ikkje med berre for å freiste oss, men også for å vise artskjenneteikn.
Forsyn deg nesten over alt
Allemannsretten gir oss rett til å ferdast fritt i naturen. Vi kan fritt plukke blomar, etande vekstar, bær og sopp i utmarka utan å hente inn løyve frå grunneigar.
På innmark må du derimot ha løyve frå eigar før sanking. Tapping av sevje og plukking av nøtter kan du heller ikkje gjere før grunneigar har gitt deg lov. I Troms og Finnmark gjeld dette også for molteplukking. Freda artar og sjeldne artar skal ikkje rørast. Plukk heller ikkje artar som er utryddingstrua.
I reservat, nasjonalparkar og verneområde gjeld spesielle reglar.

Ei travel tid
Sesongen for hausting er ofte hektisk og intens. Sjølv om han kan byrje tidleg med eit par bærsortar du kan plukke om våren (einebær og tranebær), og varer til seinhausten, skjer likevel det meste frå juli til september. Då modnar dei fleste bær, vekstar og sopp.
– Min haustesesong startar i april eller så fort snøen forsvinn frå dei endelause myrane her eg bur i skogen i Trysil. Då er det tranebær som skal fylle bøttene mine og bli til mange spennande produkt og smakar. Eg avsluttar gjerne med krekling, tyttebær og traktkantarellar på seinhausten. Einebær plukkar eg heile året, fortel Winge.
Hygieneråd
God hygiene er viktig når du skal lage mat av gode frå naturen. Alt av utstyr som skal brukast i samband med sanking og konservering skal vere reint. Hygienen er viktig for at sluttproduktet skal bli best mogleg. Bøtter, kjøkkenreiskapar, hender og alt av hjelpemiddel må vere reint.

– Kom dykk ut!
– Inviter kjærasten på bærtur eller sopptur, eller kanskje på ramsløkfangst om våren. Ta med syklubben, vinklubben eller vennegjengen på sanketur. La dette blir ei hyggeleg oppleving som kan halde fram på kjøkenet med å lage til mat av det de har sanka, oppfordrar Kirsten Winge oss i boka.
Og dersom du går aleine – og ikkje vil dele den hemmelege moltemyra eller kantarellstaden med nokon – så sei likevel ifrå kvar du går til nokon du kan stole på. Kvart år er det nemleg nokon som går seg bort eller er uheldige og treng hjelp når dei er ute på tur.