Den dagen me tar eldsjela og dugnadsarbeid for gitt, er den dagen lokalsamfunnet er i trøbbel. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Ein hyllest til eldsjela

LEIAR: I desse 17. mai-tider er det på sin plass å minne seg sjølv på kva dugnad faktisk har å seie for lokalsamfunnet.

I tillegg til å vere ein festdag for særleg dei yngste, er 17. mai også sjølve symbolet på kva det norske samfunnet er tufta på – dugnad. 

Det er ikkje alltid like gøy, men tenk deg om. Kva hadde 17. mai vore utan korps, utan nokon som kokte pølser og bakte kaker? Kva om ingen stod opp om morgonen for å fyre av salutten? Eller tenk om ingen gadd å organisere noko i det heile. 

Då var det i grunnen ganske passande at Arvid Øren frå Årdal fekk Kongens fortenestemedalje på nettopp denne dagen i år. Arvid har lagt ned eit heilt liv i frivillig arbeid for fleire lag og organisasjonar. 

Er det noko me som nettavis skriv om med glede, så er det når nokon vil gjere noko godt for at andre skal ha det fint. Arvid er eit godt døme. Han har til dømes heldt mange eldre og sjuke med selskap gjennom besøkstenesta.

Slike saker kan me aldri få nok av. Desse historiene er utruleg viktig å formidle. Me kan ikkje ha, og me vil ikkje ha eit lokalsamfunn der alle berre tenkjer på seg sjølv og «kva får eg att». 

Haldningane til dugnad har endra seg med generasjonane. I dag vil nok dei fleste heller ha fri og kunne nye ein dag som 17. mai i staden for å stå i ein kiosk og selje kaffi og kaker til inntekt for avkommet som skal på klassetur. 

Men kvar gong du tenkjer at «dette er bånn», skal du hugse at me er mange som set pris på at akkurat du står der. Me seier det kanskje ikkje, men me meiner det. Og av og til treng me også ei påminning nettopp for å setja pris på slik innsats. 

Kanskje, ein eller annan gong seinare i livet, får du ein medalje som synleg bevis på at jobben du gjer for andre vert sett pris på.

Den dagen me tar eldsjela og dugnadsarbeid for gitt, er den dagen lokalsamfunnet er i trøbbel. 

Til toppen