Sogndal/Lærdal: To tilsette i Norled har testa positivt for koronavirus. Det skriv selskapet sjølv på sine eigne sider.
Den eine tilsette arbeidde på M/S «Ekspressen», som går mellom Kleppestø og Bergen. Personen var også innom M/F «Ullensvang» 26. oktober.
M/F«Ullensvang» går på ferjesambandet Mannheller-Fodnes.

– Me er i ferd med å kartlegge ytterleg mogleg kontakt med andre tilsette og utanforståande. Ut frå det me veit no, har ikkje dei to vore i kontakt med passasjerar, seier Lars Jacok Engelsen i Norled.
Det var Firda som først omalte saka.
Desinfeksjon og mannskapsbytte
Norled har lagt M/F«Ullensvang» til kai på Manheller for desinfeksjon og mannskapsbytte. Det gjer dei grunna kontakten den smitta har hatt med mannskapet om bord.
Mannskap som er identifisert som nærkontaktar med den smitta, går i karantene.

– Me er i kontakt med lokale helsemyndigheiterfor å kartlegge behovet for ytterlegare tiltak, seier Engelsen vidare.
Den andre smitta er ein del av mannskapet på ferja M/F «Hjelmeland». Den går på sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik i Rogaland.
Denne positive prøven blei påvist 27. oktober, etter ar vedkommande og øvrig mannskap var ferdig på vakt. Også dette fartøyet blir desinfisert.