HURTIGTOG: Få familiebiler byr på dei same eigenskapane som ein Porsche Panamera Turbo. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema
HURTIGTOG: Få familiebiler byr på dei same eigenskapane som ein Porsche Panamera Turbo. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

Ein kan jo drøyma

Porsche Panamera Turbo har ein prislapp ein kan flira av, men byr til gjengjeld på ei oppleving av dei sjeldne.

Køyrer du på ein motorveg eller ein litt artig og svingete veg i ein standard familiebil, som sikkert er kjøpt i dei åra diesel var best, kan du ta deg i å drøyma om familiebilen som også kan vera noko meir enn eit transportmiddel. Det må vera ein stor og flott doning, kanskje han til og med kan brukast om det blir dieselforbod på kalde vinterdagar? E ller når du av ein eller annan grunn er invitert på open dag på Rudskogen?

Sjansen for at tanken fell på ein Porsche Panamera er stor, og han har blitt endå større når dei no har lansert ein heilt ny versjon. Den førre var litt rar i proporsjonane. Hekken verka tung, han såg ut som ein SUV som ei kjempe hadde tråkka på.

Knappane er borte

Med den nye versjonen har dette blitt veldig mykje betre. Bak låner bilen kraftig frå 911-modellen, og brått sit proporsjonane. Det har rett og slett blitt ein lekker bil, som ser svinedyr ut, noko som stemmer ganske godt med røyndommen. Som igjen gjer at dette held fram med å vera ein drøymebil for dei aller fleste av oss.

Det er ikkje berre utvendig at bilen har fått ei skikkelege overhaling. Tidlegare hadde Panamera fleire knappar og brytarar i kupeen enn ein Boeing 747, no er det knapt ein knapp. Funksjonane sit i skjermen og i nokre få berøringsbrytarar. Skjermen er ikkje så stor som i mange andre luksusbilar, men han er lett å bruka, og ein kan setja han opp etter eige ønske. Instrumenta i dashbordet har også fått ei digital overhaling, bortsett frp turteljaren som sit i midten, og som framleis er ei klokke. Til høgre og venstre kan du velja kva slags informasjon du ønskjer. Bilen vi testa, hadde til dømes nattkamera som kan visast her.

Artikkelen held fram under biletet

LUKSUS: Dei to bakseta har bra med komfort dei også, men trass storleiken til bilen er ikkje plassen så stor.
LUKSUS: Dei to bakseta har bra med komfort dei også, men trass storleiken til bilen er ikkje plassen så stor.

Godlyd

Sitjestillinga er låg, og med det same kjennest det som om du søkk inn i bilen, og du misser litt oversikt over kor karosseriet blei av. Det kjennest litt guffent, for dette er ein stor bil, men så fort du kjem i gang forsvinn denne kjensla.

Testbilen har ein ny V8-motor, noko som i seg sjølv strir ganske kraftig mot den generelle tidsånda. Porsche seier motoren hovudsakleg er konstruert med tanke på den amerikanske marknaden, som til nød kan akseptera ein V6, men har lita forståing for ein mindre motor i ein bil av denne typen.

Bilen har ei rekkje innstillingsmoglegheiter både for understell og drivverk. Han kan vera alt frå eit flygande teppe til ein knallhard racing bil. Ein stad midt imellom ligg nirvana om ein er på norske riksvegar. Vi fann det best å la demparar og fjøringar vera litt mjuke, mens motoren er fin når han er i eit meir sportsleg modus. Då får ein i tillegg med ein eksos som opnar opp nokon spjeld som gjev ein herleg og hissig V8-lyd.

Køyreeigenskapane er ekstremt gode, det er vanskeleg å skjøna at ein rattar ein bil som er over fem meter lang og to tonn tung. Trass mengder av elektroniske triks kjennest han overraskande mekanisk. Styrekjensla er presis og god, gassresponsen umiddelbar, men ikkje nervøs. Om det ikkje er heilt Porsche 911, så er det neppe nokon andre bilar som kan frakta ein familie på fire med feriebagasje som overgår Panamera i køyreglede.

Artikkelen held fram under biletet

VINGE: Hekkspoileren er ikkje så elegant. Han kjem opp automatisk i litt høgare fart, eventuelt så kan du styra han manuelt.
VINGE: Hekkspoileren er ikkje så elegant. Han kjem opp automatisk i litt høgare fart, eventuelt så kan du styra han manuelt.

Ikkje i takt med tida

Samtidig er Panamera Turbo eit godt bevis på at du får det du betalar for. Testbilen kostar nær 2,7 millionar kroner, veldig mykje pengar for ein bil, men han gjev også ei oppleving utanom det vanlege. Kraftige krefter blanda med komfort, og ein opplevd kvalitet som er i aller øvste etasje.

Avstanden ned til ein heilt vanleg familiebil er formidabel. Likskapen er at dei har fire hjul og eit ratt, derifrå og ut er Panamera Turbo på veg til noko heilt anna. Han er ikkje heilt i takt med tida, men det er likevel fint at det finst slike bilar. Det vil aldri bli mange av dei på vegen, men for ein som er litt interessert i køyretøy er det alltid ei glede å høyra ein V8 som glir forbi, mens du sjølv sit i ein Honda 91-modell.

Til toppen