FETEST: Jaguar XF finnes med en rekke motoralternativer i Norge, hvor utgaven her, XF 35t, har den aller største motoren. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
FETEST: Jaguar XF finnes med en rekke motoralternativer i Norge, hvor utgaven her, XF 35t, har den aller største motoren. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Ein klassisk Jaguar

Jaguar XF med stor bensinmotor er viktig for truverdet og historikken til merket – og for entusiasten som ikkje samanliknar prisar.

For drygt eit år sidan var XF den minste og mest jordnære modellen til Jaguar. Så kom XE, ein mellomstor sedan, og no nyleg blei SUV-en F-Pace ein del av sortimentet. Felles for dei alle, også XF, er at dei fleste Jaguarane som blir selde i Noreg, og Europa, har ein relativt beskjeden dieselmotor. Det gir økonomisk meining.

Eksempelvis får du no ein XF til under ein halv million, med 163 dieselhestekrefter. Det blir jo ikkje akkurat eit hurtigtog med grom lyd av det, men det er framleis ein stor og lekker bil. Samstundes lever Jaguar godt på eiga historie med luksuriøse bilar og feite motorar. Utan dette i slektstreet hadde Jaguar vore eit kva som helst merke, og i den stadig veksande kundemassen til merket er det framleis folk som er ute etter noko anna enn ein relativt økonomisk dieselvariant.

Artikkelen held fram under biletet

 V6-MOTOR: En sterk, sekssylindret, motor gir gjenklang hos Jaguar-entusiasten, mens det stort sett selges utgaver med fire sylindret dieselmotor.
 V6-MOTOR: En sterk, sekssylindret, motor gir gjenklang hos Jaguar-entusiasten, mens det stort sett selges utgaver med fire sylindret dieselmotor.

Som denne XF-utgåva med ein tre liters bensinmotor på 340 hestekrefter. Modellen har ein startpris på over éin million kroner, og har eit mikroskopisk salspotensial i Noreg, men det er samstundes viktig at han finst. Her får du motorlyd frå dei seks sylindrane som stemmer perfekt med historia til Jaguar, og ei køyreoppleving som viser at Jaguar framleis produserer luksusbilar.

Symfoni

Innvendig er det detaljar vi kjenner frå dei nyare Jaguar-modellane, med ein girknott som stig opp frå midtkonsollen og lufteventilar som opnar seg når du startar bilen. Den nye XF-modellen har også fått ein skikkeleg skjerm med moderne funksjonar. Her er det eit pent nivå som har eigenart og høg kvalitetskjensle.

Artikkelen held fram under biletet

STIL: Innvendig har den fått et løft, hvor en ny skjerm i midten og en rekke visuelle valg på det digitale dashbordet foran føreren, gjør at bilen føles langt mer moderne enn forrige XF-modell.
STIL: Innvendig har den fått et løft, hvor en ny skjerm i midten og en rekke visuelle valg på det digitale dashbordet foran føreren, gjør at bilen føles langt mer moderne enn forrige XF-modell.

Bilen har god støyisolasjon, rett nok ikkje det same vakuumnivået som i XJ, men på motorvegen er det lite utanfrå som slepper inn. Samstundes har produsenten passa på at ein får inn ei fin dose sekssylindra symfoni når du gir på.

XF er i utgangspunktet ein pen bil, men det er lett å sitje igjen med kjensla av at noko manglar når ein har køyrt ein versjon med ein toliters dieselmotor. For bilen har eit veldig godt chassis. Så bra at det i denne klassen berre er BMWs 5-serie som kan matche det. Bilen balanserer komfort og sport på ein elegant måte. Med eitt tastetrykk kan du få han til å stramme seg opp, med kvassare respons frå girkasse og gasspedal, slik at det blir ein gjennomført sportssedan. Bilen vi testar, har i tillegg firehjulstrekk, og med dei 340 hestekreftene er det ein svært kvikk bil. Null til hundre tek 5,4 sekund.

Artikkelen held fram under biletet

ELEGANT: Bilen er nær fem meter lang og med en coupé-aktig profil blir det en av de mer elegante bilene i sitt segment.
ELEGANT: Bilen er nær fem meter lang og med en coupé-aktig profil blir det en av de mer elegante bilene i sitt segment.

Rytme

På vegar der bilen kan få strekkje seg skikkeleg, vaknar han. Firehjulstrekket gjer at framhjula hjelper til med å dra bilen rundt svingen, hekken kan svinse ut lite grann utan at det blir noko stress. Maks effekt er ved 6500 omdreiingar per minutt, medan motoren byr på 450 newtonmeter i dreiemoment ved 4500 omdreiingar. Det gir massivt med krefter når turtalet går oppover. Det er veldig lett å finne ein fin rytme, bilen kjennest lett på foten og livleg. Det einaste som er litt irriterande, er at girkassen er i overkant aggressiv, særleg kjappe nedgiringar blir noko brutale, han smell i gir med rykk.

Generelt er det veldig lett å trivast bak rattet i ein XF 35t, modellen treffer på veldig mange klassiske Jaguar-kjensler. Noko den også må, for ser ein på prisen, og ser seg litt rundt, er dette ein dyr bil. Han ligg nær 300.000 over ein Audi A6 med 333 bensinhestekrefter. Truleg er grunnutstyret i XF-en meir omfattande, men ikkje meir enn at testbilen har ekstrautstyr for bortimot 300.000 kroner til. BMW 535i med 306 hestekrefter ligg 250.000 under XF 35t. Så denne Jaguaren er for dei ekte connaisseurane: Dei som vil ha ein klassisk Jaguar-oppleving, som i lita grad vurderer andre merke, og synest XJ er for stor og prangande.

Tekniske data: Jaguar XF 35t Portfolio AWD

Pris: 1.067.950.-

Pris testbil: 1.370.250.-

Motor: 6 syl. Bensin. Kompressor. 2995 ccm. 340 hk v. 6500 o/min. 450 Nm v. 4500 o/min.

Aks: 5,4 sekund

Toppfart: 250 km/t

Forbruk: 0,67 l/mil (landeveg), 1,19 l/mil (by), 0,86 l/mil (blanda)

Utslepp: 204 g/km CO2. 6 mg/km NOx.

Mål (LxBxH): 4954/1880/1457 millimeter

Bagasjerom: 540 liter

Eigenvekt: 1756 (©NPK)kilo

Til toppen