SMITTE: Éin person har testa positivt for Covid19 i Høyanger.
SMITTE: Éin person har testa positivt for Covid19 i Høyanger. (Foto: Arkiv)

Éin koronasmitta i Høyanger

Personen skal vere sett i isolasjon

Tysdag melder Høyanger kommune på heimesida at éin person i kommunen er smitta av koronaviruset. Personen skal vere sett i isolasjon.

Ordførar Petter Sortland (Ap) seier at dette er same tilfellet som vart registrert og meldt om frå kommunen si side i førre veke, der ein person testa positivt på Flesland.

– Personen gjekk rett i isolasjon etter dette og sit framleis i isolasjon, seier han. 

Til toppen