LÆRDAL: Personen testa seg 26. mars. Tysdag vart kommunen varsla om at testen var positiv.
LÆRDAL: Personen testa seg 26. mars. Tysdag vart kommunen varsla om at testen var positiv. (Foto: Arkiv)

KORONAVIRUS

Ein koronasmitta i Lærdal, ti personar er nærkontaktar

Smittekjelda er enno ikkje kartlagt.

Lærdal kommune fekk tysdag melding om at ein person som testa seg 26. mars har testa positivt for koronaviruset.

Smittekjelda er enda ikkje kartlagt.

– Kommunen har oversikt over situasjonen, og det er liten risiko for vidare smitte, opplyser Lærdal kommune på sine sider.

Ti nærkontaktar er identifiserte og varsla om karantene. Fem av dei testa negativt på hurtigtest. Ein stadfestingsanalyse på desse testane er sendt vidare.

Til toppen