Årdal: – Kraftkommunar på Vestlandet bør ha ladestasjonar, seier kommunikasjonsrådgjevar i Elbilforeningen, Ståle Frydenlund.
Og dei fleste har det - Lærdal fekk ladestasjon på Joker Ljøsne tidlegare i år, og ny ladestasjon skal koma på Håbakken i november etter planen. Aurland har ladestasjon ved Sognaporten, Sogndal fleire stader både i sentrum og på Kaupanger.
Vik har ladestasjon ved kommunehuset, Leikanger ved sjukeheimen og Luster ved Pyramiden kjøpesenter i Gaupne.
– Sterkt varierande kor mykje energi kommunane legg i det
Balestrand har ikkje ladestasjon - men så er det også den definitivt minste kommunen i Sogn med knapt 1300 innbyggjarar. Den andre kommunen utan tilbod for å lada elbil er Årdal, den nest største kommunen i Sogn med 5350 innbyggjarar og stor straumproduksjon.
– Som regel kjem offentlege ladestasjonar etter eit kommunalt initiativ. Nokre kommunar gjer det på friviljug basis andre oppmuntrar til det. Men det er sterkt varierande kor mykje energi ulike kommunar legg i dette. Og eg vil vel seia at Årdal med god tilgang på kraft burde ha hatt ein ladestasjon, seier Frydenlund.
Les også: Vil ha el-bilar i heimetenesta
Vil få til ladestasjonar i løpet av eitt år
Årdal har også ein varaordførar frå Miljøpartiet De Grønne. Og ho fortel at ting er på gang.
– Fleire har spurt meg om det kjem ladestasjonar her i kommunen. Og eg tok opp dette med styret i Årdal Energi no på måndag, faktisk. Og me meiner me skal få til ladestasjonar, kanskje i løpet av eitt år. Me har ikkje hatt noko på dette i budsjettet enno. Det må jo opp til politisk handsaming først, men eg vil tru me skal få det til, seier Sandra Opheim.

El-bilar kan ladast hovudsakleg på to måtar - ved ordinær lading, då tek det som regel mellom seks og tolv timar for batteriet er fullada. Ved hurtiglading får ein gjerne lada batteriet til rundt 80 prosent på ein halvtime, noko avhengig av merke og modell.
Les også: Om eitt år kan du hurtiglada kvar femte mil
Ein stasjon på Tangen og ein i Øvre
Hurtiglading er først og fremst aktuelt for gjennomreisande, som turistar. Offentleg ordinær lading ville gjera det enklare for dei som til dømes pendlar til Årdal på jobb å eiga elbil. Utanom Tesla er det i dag få merker og modellar av elbilar som har rekkjevidde på meir enn ti mil ved dårlege tilhøve, det vil seia kaldt vêr og-eller blaut asfalt.
– Viss ein har lada opp bilen rett før ein køyrer så batteripakka er varm aukar rekkjevidda mykje. Har bilen stått fråkopla og er veldig kald brukar batteriet mykje energi på å varma opp seg sjølv til driftstemperatur, seier Frydenlund.
For mange pendlarar blir det nok i overkant spennande kor vidt ein kjem seg heim eller ikkje med rekkjevidde på ti-tolv mil i kaldt vêr. Men kan ein lada bilen medan ein er på jobb blir det nok vesentleg meir forlokkande for pendlarar å velja el-bil.
– Me skal sjå litt på moglege plassingar. Tanken er å ha ein stasjon i sentrum både i Øvre og på Tangen med punkt både for ordinær- og hurtiglading. Jotunplassen nedanfor Helsehuset i Øvre har vore nemnd som ei mogleg lokalisering, så skal ein sjå nærare på kvar ein stasjon kan plasserast på Tangen, seier Opheim.