KREVJANDE: Frå talarstolen sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) at ho tykte periode som har vore med Robek har vore krevjande, men lærerik. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KREVJANDE: Frå talarstolen sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) at ho tykte periode som har vore med Robek har vore krevjande, men lærerik. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Ein krevjande periode med upopulære prioriteringar

Men no trur Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) at Årdal kommune er på god veg ut av Robek og mot betre tider.

Årdal: Denne veka vart budsjettet for 2016 vedtatt i kommunestyret i Årdal. 2016 er også planlagt å vere det siste året til kommunen i Robek-registeret, men då må budsjettdisiplinen vere svært god dei neste tolv månadene.

Frå talarstolen kalla Brandsdal budsjettet for 2016 for heilskapleg og med fokus på barn og unge. Ho trur også at med dette budsjettet vil Årdal endeleg kunne kaste frå seg Robek-stempelet.

– Eg trur me er på god veg å klare det. Me er ikkje åleine i dette selskapet, og det har vore ein lærerik periode, sa ho. 

Krevjande periode

Arbeidarparti-politikaren måtte innrømma at perioden har vore svært krevjande, der dei folkevalde har måtta gjera upopulære prioriteringar. Ei av desse var å samlokalisere legekontora opp i Øvre Årdal – ei sak som etter alt å dømme kosta partiet hennar flust i veljarar i haust.

– Eg kan med handa på hjartet seia at det har vore den tøffaste politiske saka eg har vore med på her i Årdal, men eg trur me får eit godt fungerande legekontor for heile bygda. 

– Dette har vore heilt naudsynt for å få økonomien på rett veg. Eg meiner me har gjort ein god jobb, og me kunne kanskje gjort ein endå betre jobb. Det er òg vår jobb å med oss innbyggarane på kvifor me prioriterer som me gjer, la ho til.

Styrking av barnehage

Trass stramt budsjett hadde Arbeidarpartiet og Miljøpartiet dei grøne forslag til endringar. Mellom anna å forsterke barnehageområdet, styrke skulehelsetenesta og utbetre bassenget på Tangen skule. Det var også dei som kom med forslaget om å opne friluftsbassenget.

Desse pengane henta dei frå auka skatteinntekter og rammetilskot, sjølv om rådmann Olve Fossedal helst ville setje dei på disposisjonsfondet til uføresette utgifter.

Rausare

Aleksander Øren Heen (Sp) meinte Brandsdal kunne vore rausare då ho la fram innspela. Han meinte Senterpartiet også har bidrege til desse diskusjonane. Samstundes kom han også med eigne framlegg.

– Eg beit meg merke i innspelet frå Utdanningsforbundet, som kritiserer nedtaket som skal gjerast på Farnes skule ved å ta vekk ei 100 prosent stilling. Eg trur me heller skal koma dei litt i møte og auke posten med 300 000 kroner, sa han.

Han ville også auke kulturbudsjettet med 100 000 kroner, som skulle brukast til ein søknadsbasert pott. Dei 400 000 kronene ville Heen dekke inn ved å auke utbyttet frå Årdal Energi til 8,4 millionar, men dette var nedstemt. 

Ikkje nøgd

Nedstemt, i ein annan betydning av ordet, var også Kurt Jevnaker (V). Han var langt frå nøgd med budsjettet, blant anna på grunn av for dårleg satsing på skule.

– Samstundes ser me at 2016 ikkje er året å gjera dei store tinga ein er oppteken av. Me ser at det handlar om å koma ut av Robek og at det er lagt vekt på nøkternheit. 

Til toppen