Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Ein måtte skyssast heim, andre skapte uro

Politiet måtte i sving i natt.

Sogndal/Årdal: Politiet twitrar at ein overstadig rusa person ved ein serveringsstad i Øvre Årdal måtte skyssast heim i 0130-tida i natt.

Ein times tid seinare måtte politiet i Sogndal trø til; då var det ordensuroing på ein privat stad og dei involverte partane vart skilde. Denne saka blir fulgt opp, twitrar politiet.

Det vart også halde ein promillekontroll i Øvre Årdal i natt; 15 kontrollerte, men ingen reaksjonar.

Til toppen