NÆRINGSRÅD: Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane har teke initiativet til at det blir danna eit næringsråd for Sogn og Fjordane. ​Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane er positiv. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane. 
NÆRINGSRÅD: Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane har teke initiativet til at det blir danna eit næringsråd for Sogn og Fjordane. ​Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane er positiv. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane. 

– Ein merkedag for næringslivet i fylket

Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane har teke initiativet til at det blir danna eit næringsråd for Sogn og Fjordane. 

Dette vart annonsert på ein pressekonferanse i Førde tysdag. Den 7. november skal det vere stiftingsmøte. 

– Dette er ein merkedag for næringslivet i Sogn og Fjordane. Ved å bygge opp eit næringsråd, der alle verksemder som driv næringsaktivitet i fylket kan vere medlemmer, håpar me å skape eit sterkt organ som offensivt kan målbere viktige krav som vil tene næringslivet i fylket, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest og administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane i ein felles kommentar. 

Ei svært viktig oppgåve vil vere å fremje næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst mogleg verdiskaping.

Næringsrådet må skaffe seg stor påverknad overfor lokale, regionale og nasjonale styresmakter. Nettverk skal utviklast, og det må leggjast arbeid i å skape eit positivt omdømme for Sogn og Fjordane.

Utdanning og kompetansebygging skal ha stor vekt i næringsrådet sitt arbeid. Det gjeld både overfor vidaregåande opplæring og høgare utdanning. 

– Arbeidsoppgåvene til næringsrådet vil sjølvsagt bli til undervegs og vil dermed skifte med tida, og næringsrådet skal samarbeide og vere ein medspelar med andre næringsorganisasjonar i fylket. 

Til toppen