Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: Illustrasjon)

Ein mista lappen, 17 fekk bot

Storfangst i fartskontroll.

Lærdal: Politiet twitrar at UP heldt ein fartskontroll i ei 80-sone i Lærdal søndag kveld der 17 fekk forenkla førelegg, og av desse var høgaste målte fart 103 km/t.

I tillegg fekk ein førar beslaglagt førarkortet, vedkomande køyrde i 119 km/t. Også ein blei meld for å køyra utan førarkort.

Til toppen