FARTSTID: Edvard Holsæter (t.h.) vil sleppa yngre krefter til når han no sluttar i styret i Norsk Folkehjelp Årdal etter 34 år. Noverande leiar Kjell Arne Solheim er glad for at Holsæter vil bidra vidare med mellom anna instruktørarbeid. Foto: Ole Ramshus Sælthun
 FARTSTID: Edvard Holsæter (t.h.) vil sleppa yngre krefter til når han no sluttar i styret i Norsk Folkehjelp Årdal etter 34 år. Noverande leiar Kjell Arne Solheim er glad for at Holsæter vil bidra vidare med mellom anna instruktørarbeid. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Ein nestor i folkehjelpen takkar av

Etter 34 år seier Edvard Holsæter takk for seg i styret i Norsk Folkehjelp Årdal.

Årdal: – Men eg håpar det framleis blir bruk for meg, seier Holsæter.

Han vart med i styret i Norsk Folkehjelp Årdal i 1983. Frå 2002 til 2014 var Holsæter styreleiar. Og når årsmøtet fredag vart halde kom altså ein 34 år lang æra til ein ende.

– No må me ha inn nokon yngre, seier Holsæter.

Nye lokaler og betre økonomi i Holsæter si tid

Han har vore viktig for å byggja opp eit solid fundament for Norsk folkehjelp Årdal. I 2002, same året som Holsæter vart leiar, kjøpte organisasjonen huset i Røtisvegen. Tidlegare hadde dei hatt mindre lokaler, men for femten år sidan fekk dei altså eit stort hus til å halda møter, kurs og oppbevara alt av utstyr i.

– Så pussa me opp, og det første årsmøtet som vart halde her var vel i 2004, seier Holsæter.

Ein annan ting han har fått orden på er økonomien; den var ikkje så sprek då han tok over.

– Men då eg tok over etter Edvard for to år sidan var alt på stell, seier Kjell Arne Solheim, som altså er leiar no.

Flyulukkene gjorde sterkt inntrykk

34 år i styret og uhorveleg mange timar arbeid, også ute i felt, har naturlegvis gitt mange minner. Sterkast inntrykk har dei mest alvorlege ulukkene gjort.

– Det har jo faktisk vore tre styrtar med fly eller helikopter i Årdal i mi tid, dei har vore forferdelege. Eg hugsar då eit helikopter styrta ved Tyinosen i 1998 at det var nydeleg vêr og blå himmel her nede i dalen. Då me kom til Tyin møtte me ein vegg av tåke, minnest Holsæter.

Ein mista livet i ulukka. I tillegg gjekk eit seekinghelikopter gjennom isen i 1986, utan at nokon omkom. Men då eit småfly køyrde i ein løypestreng og styrta i Fardalen i 1993 omkom to personar.  

Hovudsakleg er det likevel kjekke minner han sit att med etter desse 34 åra.

– Eit høgdepunkt er i påska når me har beredskap på hytta vår ved Tyinosen. Då kan alle som vil vera med og ha vakter, seier Holsæter.

Tok kurs i bruk av nytt kartsystem

I dag er det 230 medlemmar i Norsk Folkehjelp Årdal. Dei fleste støttemedlemmar, om lag 30 aktive.

– Så me vil gjerne bli fleire.  Rekrutteringsarbeid driv me alltid med, no skal me køyra ein kick-off, seier Solheim.

I tillegg til den viktige, kontinuerlege beredskapen for å skapa tryggleik for folk – og det sosiale – arrangerer folkehjelpen tema- og aktivitetskveldar, og ei rekkje kurs.

– Eg var sjølv på kurs for å læra det nye kartsystemet me har på pad, seier Holsæter.

Med andre ord har han ingen planar om å gje seg, sjølv om tida med styrearbeid er over.

– Folkehjelpen har jo eigentleg betydd alt for meg; eg har brukt store deler av livet mitt på dette. Så eg håpar no det blir bruk for meg vidare, mellom anna som instruktør.

– Erfarne folk er det mest verdifulle me kan ha, og Edvard er jo gamal søks- og redningsinstruktør. Ja, ein kan no ikkje seia gamal heller, etter litt støvpussing er han oppe og går att, ler leiar Solheim

Til toppen