GAPET SKAL REDUSERAST: Det viktigaste me har fått på plass i meldinga er eit nytt inntektsmål for bøndene. Det er heilt klart og seier at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet skal reduserast, skriv Geir Pollestad (Sp)
meiningar
GAPET SKAL REDUSERAST: Det viktigaste me har fått på plass i meldinga er eit nytt inntektsmål for bøndene. Det er heilt klart og seier at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet skal reduserast, skriv Geir Pollestad (Sp)
meiningar

Ein ny jordbrukspolitikk

Stortinget sin næringskomité har no handsama meldinga. Eg lova som ordførar for saka at det skulle verte store endringar i meldinga. Eg er glad for å kunne seia at det har skjedd, skriv Geir Pollestad, landbrukspolitisk talsperson i Senterpartiet.

  • Endret

KOMMENTAR: Regjeringa la før jul fram si jordbruksmelding. Det var ei oppskrift på å sentralisera og liberalisera det norske jordbruket. Det å produsera mat skulle jamstellast med å produsera ei kva som helst anna vare. Det skulle verte meir marknad og mindre politikk.

Stortinget sin næringskomité har no handsama meldinga. Eg lova som ordførar for saka at det skulle verte store endringar i meldinga. Eg er glad for å kunne seia at det har skjedd.

Det viktigaste me har fått på plass i meldinga er eit nytt inntektsmål for bøndene. Det er heilt klart og seier at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet skal reduserast. Dette på tvers av ynskje frå landbruksministeren.

Det er og viktig at Stortinget slår fast at jordbrukspolitikken sitt hovudmål skal vera å auka matproduksjonen med grunnlag i norske ressursar. Regjeringa ville ikkje ha dette som hovudmål.

Komiteen legg også opp til ei langt klarare satsing på dei små og mellomstore bruka. For me treng både små og store gardar i Noreg om me skal auke matproduksjonen.

Det er klart at med ein landbruksminister som legg fram ein liberalistisk jordbrukspolitikk så er det viktig å få stoppe forslag som liberalisera politikken. Det har stortinget gjort.

Regjeringa ville fjerne avløysartilskotet og tidlegpensjonsordninga. Næringskomiteen sa nei.

Regjeringa ville avvikle marknadsbalanseringa for egg, korn og geitemjølk. Næringskomiteen sa nei.

Regjeringa ville ikkje ha eit mål for økologisk produksjon. Næringskomiteen ynskjer eit oppdatert mål.

Regjeringa ville at den kraftforkrevjande produksjonen skulle lokaliserast der marknaden ynskjer. Næringskomiteen sa nei.

Regjeringa ville kutte ut satsinga på kulturbeite. Næringskomiteen sa nei.

Regjeringa meiner distriktspolitikken og jordbrukspolitikken ikkje har noko med kvarandre å gjera. Næringskomiteen er ikkje samd.

Dette er nokre dømer på dei nederlaga regjeringa har hatt.

Så er det ikkje hemmeleg at Senterpartiet vil meir i jordbrukspolitikken. Mellom anna ville me ha på plass ein investeringspakke for jordbruket. Det fekk me ikkje fleirtal for.

Det er vidare synd at KrF og Venstre har bidrege til å sentralisera produksjonen av mjølk ved å redusera talet på mjølkekvoteregionar frå 18 til 14. Dei ynskjer heller ikkje å stogge kjedemakta ved å innføra ein lov om god handelsskikk. Venstre vil og svekka økonomien for dei som driv med gris og dei vil heller ikkje ha beredskapslagring av matkorn.

Landbruksminister Dale sa på Dagsnytt 18 at Senterpartiet no er nøgd berre me greier å stogge hans politikk. Det er ikkje rett. Målet er sjølvsagt å bytta han ut etter valet i haust.    

Geir Pollestad,​ landbrukspolitisk talsperson Senterpartiet

Til toppen