Torsdagkveld vart ein ny person lagt inn på Førde sentralsjukehus fordi han var smitta av koronaviruset. Per no har dei to som er innlagt grunna viruset.
Torsdagkveld vart ein ny person lagt inn på Førde sentralsjukehus fordi han var smitta av koronaviruset. Per no har dei to som er innlagt grunna viruset. (Foto: Arkiv/Halvor Farsund Storvik)

Ein ny koronasmitta er lagt inn på Førde sjukehus

Det er per no to stykker som er innlagt på Førde Sentralsjukehus grunna viruset.

Førde: Torsdag testa to nye personar i Sunnfjord positivt på koronaviruset. Den eine er under 30 år, den andre over 65 år, skriv Firda.

Sistnemnde er blitt lagt inn på ei eiga avdeling for smitta personar på sentralsjukehuset der berre personale med smittevernutstyr får sleppe inn.

Kohortavdelinga på sjukehuset har no to korona-pasientar. Den førre pasienten vart lagt inn på onsdag.

– Det positive er at sjukehusregionen enno ikkje har fått nokon intensivtrengande pasientar. Det kan verke som vi har relativt få smitta, men det er litt tidleg å seie. Ein lærer kjapt at her endrar ting seg fort, seier kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord til avisa..

I heile Helse Førde sitt område har 34 personar testa positivt på koronasmitte. Tre nye har kome til det siste døgnet, frå torsdag til fredag morgon.

 

Til toppen