LANDBRUK: Senterpartiet vonar dei andre partia på Stortinget også vil ta utfordringane i landbruket på alvor, skriv Geir Pollestad (Sp), stortingsrepresentant og leiar for næringskomiteen. Foto: Senterpartiet
meiningar
LANDBRUK: Senterpartiet vonar dei andre partia på Stortinget også vil ta utfordringane i landbruket på alvor, skriv Geir Pollestad (Sp), stortingsrepresentant og leiar for næringskomiteen. Foto: Senterpartiet
meiningar

Ein ny vår for norsk matproduksjon

– Senterpartiet har utarbeida 10 punkt som me meiner er særleg viktige, skriv Geir Pollestad (Sp), stortingsrepresentant og leiar næringskomiteen.

  • Endret

Målet for landbrukspolitikken er å auke norsk matproduksjon med grunnlag i norske ressursar. Verdiskapinga skal aukast gjennom å sikre eit landbruk i heile landet. 

Senterpartiet vil arbeide for å bygge eit politisk fleirtal for ein ny vår for den norske bonden. Me vil invitera med andre parti til dialog og samarbeid i stortinget fram mot stortingsvalet i 2017. Me i Senterpartiet har utarbeida 10 punkt som me meiner er særleg viktige. 

1. Auka lønsemd til bonden

Inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper skal tettast. Dette vert slått fast som gjeldande inntektsmål for landbruket. Investeringsverkemidla må styrkast.

2. Betre tollvern

Norsk landbruk treng eit effektivt tollvern. Tollvernet må styrkast og utvidast. 

3. Slå ring om jordbrukets forhandlingsrett. 

Jordbrukets rett til å forhandle med staten om ein jordbruksavtale må gje grunnlag for reelle forhandlingar. 

4. Sikre samvirke og deira rolle som marknadsregulator.

Samhald i jordbruket er ein føresetnad for å auka matproduksjonen og trygge jordbrukets kår. Maktforhalda i matkjeden må utjamnast. 

5. Forenklingar som kjem bonden til gode. 

Arbeidet må rettast inn på ein måte som gjev den enkelte bonde høve til å fokusera mest mogleg på å produsera mat. 

6. Ein politikk for auka sjølvforsyning

Auka norsk kornproduksjon og auka bruk av beiteressursane er då naudsynt. Ein må vidare nytte ressursane i heile landet. Det føreset og ein politikk som legg til rette for deltidsbønder og mangesysleri. Utnytting av beiteressursane krev ein ny rovdyrpolitikk. 

7. Eit miljøvenleg landbruk

I tillegg til å dekke etterspurnaden etter økologisk mat er det eit mål at miljøavtrykket frå landbruket er minst mogleg. Norsk mat skal vera Europas reinaste og tryggaste. 

8. Ta vare på matjorda

Det er eit mål å auka jordbruksarealet i Noreg. Omdisponering av dyrka mark må reduserast kraftig. Nullvisjon skal gjelde og første delmål er å halvera omdisponeringa innan 2020. Lovheimel for vern av matjord er naudsynt. Ein må og satse betydelege midlar på nydyrking og pleie av matjord. 

9. Ein eigedomspolitikk for dei som er i næringa og dei som vil inn i næringa.

Konsesjonslov og odelslov skal oppretthaldast. Skattesystemet må bygge opp under den sjølveigande bonde, letta generasjonsskifte og trygge rasjonelle eigedomsstrukturar. 

10. Tett samarbeid med bøndene sine organisasjonar.

Det er eit mål å samarbeide tettare med landbruket sine organisasjonar ved utforminga av politikken. 

Me i Senterpartiet vonar dei andre partia på Stortinget vil ta utfordringane i landbruket på alvor og saman med oss gjere det ein kan for å betre vilkåra for norsk, rein og trygg matproduksjon.

 

Til toppen