SVART DAG: Politi og ambulanse på staden etter ulukka i Brekkeberget i Flåm i går. Ordførar Noralv Distad i Aurland (innfelt) seier dei mange basehoppulukkene i Aurland er ei belastning for lokalsamfunnet. – Det går alltid innpå ein når det skjer slike ulukker, seier han. Foto: Arne Veum.
SVART DAG: Politi og ambulanse på staden etter ulukka i Brekkeberget i Flåm i går. Ordførar Noralv Distad i Aurland (innfelt) seier dei mange basehoppulukkene i Aurland er ei belastning for lokalsamfunnet. – Det går alltid innpå ein når det skjer slike ulukker, seier han. Foto: Arne Veum.

Ein omkom, ein alvorleg skadd: – Altfor mange ulukker

To alvorlege luftsportulukker på èin dag, den eine med fatalt utfall, gjer det tungt å vere ordførar dagen derpå.

Aurland: – Det er djupt tragisk og slike hendingar rører oss like sterkt kvar gong, seier ordførar Noralv Distad i Aurland.

Onsdag kveld døde ein utanlandsk mann etter eit mislukka basehopp i Gudvangen. Politiet seier til NRK at mykje tyder på at fallskjermen ikkje løyste seg ut.

Berre èin time etter at vedkomande vart stadfesta omkomen, kom meldinga om ei ny alvorleg ulukke i Aurland. Ein basehoppar hadde treft fjellveggen i Flåm og måtte bli henta ut med helikopter og frakta til Haukeland sjukehus med alvorlege skadar. Morgonen etter er tilstanden framleis alvorleg, melder sjukehuset.

– Det går alltid innpå ein når det skjer slike ulukker. Me tenkjer sjølvsagt på dei næraste, men samstundes berører det mange fleire, både bygdesamfunnet og hjelpemannskapa, seier Distad.

Les også: Basehoppar omkom i Gudvangen
Les også: Basehoppar trefte fjellveggen i Flåm

Fjella i Aurland er eit populært mål for basehopparar og andre ekstreme luftsportutøvarar. Nærast årleg skjer det ulukker og dødsfall. Ordføraren har lenge vore kritisk til at aktiviteten får pågå uregulert. 

– Når eit område blir mykje brukt til basehopp, så vil det diverre skje ulukker. Det er veldig krevjande for oss. Med så stor vekt som samfunnet elles legg på tryggleik i alle moglege samanhengar, så er det eit tankekors at denne aktiviteten får halde på utan spesielle restriksjonar og utan å vere formelt organisert, seier Distad.

Han tykkjer det er flott at fleire kjem seg ut og får store opplevingar ute i naturen. Men i tilfellet basehopp meiner han risikoen blir for høg.

– Det er vaksne menneske som kjenner risikoen dei tek. Kvifor bør dei ikkje få lov til å halde på?

– Det eine er at dei utset seg sjølve for fare og den påkjenninga det er for pårørande. Men det berører og veldig mange andre når ulukka skjer: redningstenesta, frivillige og bygdesamfunnet. Det er ein aktivitet med altfor mange ulukker, seier Distad.

Til toppen