TRAFIKKULYKKE: Ein person er frakta til legevakta etter at bilen vedkommande sat i havna utanfor vegen på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Vikadalen. Foto: Porten.no-tipsar. 
TRAFIKKULYKKE: Ein person er frakta til legevakta etter at bilen vedkommande sat i havna utanfor vegen på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Vikadalen. Foto: Porten.no-tipsar.  (Arkivbilete)

Éin person frakta til legevakta etter trafikkuhell i Årdal

To bilar involvert i ei trafikkulykke på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Vikadalen.

Årdal: Politiet i Sogn og Fjordane fekk melding om hendinga 20.33 onsdag kveld. Meldinga sa først at eit einsleg køyretøy hadde køyrt av vegen på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Vikadalen.

Utforkøyringa skjedde om lag to kilometer frå Årdalstangen. Brann og ambulanse kom til staden, og etter kvart også politiet. 

Patrujen opplyser då at det skal ha vore to bilar med ein førar kvar innvolvert i ulykka. Bilen som køyrte av vegen skal ha vore borti ein annen bil også, skriv politiet på Twitter.

Begge førarane var avhøyrt på staden og førarkortet til den eine er beslaglagt. Sak er oppretta.

Helse Førde melder at den eine personen er dimitert på staden, medan den andre vert tatt med til legevakta. 

Vegen var lenge stengt, men rundt halv elleve melder politiet at staden er rydda og vegen er opna att.

Til toppen