Sogndal: Etter ei veke utan melding om nye smittetilfelle i Sogndal kommune, melder kommunen laurdag at ein innbyggjar i kommunen testa positivt på koronaviruset fredag kveld.

– Personen er isolert, og fire nærkontaktar er sette i karantene. Det vert framleis drive med smittesporing, skriv kommunen.
Personar som deler same arbeidsplass som vedkomande, har fått beskjed om å bruka heimekontor så langt som råd den komande veka.
Smittevernlege Leiv Erik Husabø ber alle om å følgja smittevernråda.
– Hald god avstand, vask hendene og hald deg heime om du er sjuk. Det er viktig å følgja desse råda om du skal unngå å bli smitta eller bli rekna som nærkontakt til nokon som er smitta, seier han i pressemeldinga.