Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. (Foto: arkiv)

Ein person omkom etter frontkollisjon med buss i verdas lengste

Tre bilar og ein buss var involverte i ein massekollisjon i Lærdalstunnelen i dag. Ein person miste livet.

Lærdal: Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.46. Naudetatane kom til staden omlag ti minutt seinare.

Den første meldinga gjekk på at kun ein bil med tre personar var involvert og at ein person sat fastklemt. Etter kvart vart dette oppdatert til å gjelde tre bilar og ein buss.

Politiet skriv på Twitter at ulukka skjedde då ein personbil og ein møtande buss støytte saman i tunnelen, medan dei to bilane som køyrte bak personbilen køyrde i kvarandre under oppbremsinga.

Etter ulukka vart tunnelen stengd og tømd for køyretøy som ikkje var involverte i hendinga. To timar etter den første meldinga stadfestar politiet at ein person omkom i møteulukka.

Like før klokka 22.00 melder vegtrafikksentralen at tunnelen er opna att for trafikk.

Til toppen