SMITTA: Èin person er stadfesta smitta i Sogndal.
SMITTA: Èin person er stadfesta smitta i Sogndal. (KYRRE FITJE)

KORONAVIRUS

Ein ny person koronasmitta i Sogndal. Vart smitta utanfor kommunen

Éin person til er sett i karantene.

Det er påvist éin ny koronasmitta i Sogndal. Det skriv kommunen i ei oppdatering laurdag.

Personen var vore i karantene etter å ha vore i kontakt med ein smitta i ein annan kommune, skriv dei vidare. Smitta kjem dermed ikkje frå Sogndal.

«Ein annan person er sett i karantene som nærkontakt. Smittesporinga er avslutta», skriv dei.

Til toppen