UTFORKØYRING: Ein bil skal ha køyrd ut på Rv 52 Hemsedalsfjellet. Illustrasjonsfoto
UTFORKØYRING: Ein bil skal ha køyrd ut på Rv 52 Hemsedalsfjellet. Illustrasjonsfoto

Ein person til legesjekk etter trafikkuhell

Hendnínga skjedde aust for Breistølen fjellstue på Rv 52 Hemsedalsfjellet torsdag kveld. 

Hemsedal/Lærdal: Politiet melde klokka 20.22 torsdag kveld om ei trafikkulykke på Rv 52 mellom Hemsedal og Lærdal. 

Ein personbil på veg frå Hemsedal i retning Lærdal skal ha komen over i motsatt køyrefelt og treft autovernet. Personen skal ikkje ha fått alvorlege skadar, men er frakta med ambulanse til legesjekk i Lærdal, fortel operasjonsleiar Kai Myklebust ved Sogn og Fjordane politidistrikt like før klokka 22. 

Statens vegvesen stengte eit felt mellom Vetlegjerdet og Holegrovi etter ulykka.

Bilbergar har no komen til staden og opprydningsarbeidet er i sluttfasen. Vegen vil bli opna for normal trafikk om kort tid, fortel Myklebust. 

 

Til toppen