Yrla Klein og Vibeke Johnsen, Sosialistisk Venstreparti.

meiningar

Yrla Klein og Vibeke Johnsen, Sosialistisk Venstreparti. (Bilde: Sosialistisk Venstreparti)
meiningar

Stortingsvalet 2017

Ein politikk for dei mange

Politikk handlar om val. Det handlar om kven du prioriterer. Kven er det som skal få fleire fordelar – er det den uføre eller er det Stein Erik Hagen? Vel du eit betre kollektivtilbod som gjer at også den utan bil kan komme seg fram, eller nyttar du heller pengane på skattelette?

SV har aldri vore eit parti som lova at alle skal få meir. Det er nokon som tapar på vår politikk. Den økonomiske eliten, dei som eig mange bustadar og dei som ikkje vil at kvinner skal tene like mykje som menn. Dei tapar på vår politikk.

Men dei aller fleste vinn. Dei som blir sjuke og uføre vinn. Besteforeldrene våre vinn. Småbarnsfamiliane som får billeg barnehageplass vinn. Dei som vil ha nærleik til sjukehus og skule vinn. Dei som tener under 600 000 kroner og får skattelette vinn. Dei som slit med psykiske problem og treng hjelp med ein gong – og ikkje om nokre månader – vinn. Ungdom som ynskjer å koma seg inn på bustadmarkedet, og som også vil at vi skal ta klimaproblema på alvor, vinn.

SV vil erstatte eksamen med ei mappevurdering, vi vil ha ein betre skule med fleire lærarar og vi seier nei til dumping av avfall i Førdefjorden. Men det er ikkje sånn at det å gå til val med ei rekkje saker som ungdom er oppteken av er bra nok. Vi må ville gjera meir enn det.

SV vil at alle skal ha ein sjanse til å lukkast og ha moglegheit til å få ein god stad å bu – uavhengig av lommeboka til foreldra. Difor må vi få ned ulikskapen i samfunnet, og satse på velferd og fellesskap. Vi vil ha en atomvåpenfri verd, og vil difor at Noreg skal vere fremst for å forhandle fram eit forbod mot atomvåpen. Framtida blir dyster om vi ikkje gjer noko med klimaproblemet. Difor har vi føreslått ein helt konkret plan for å kutte utslepp i Noreg. Vi kan ikkje be fattige land om å kutte hjå seg, om Noreg ikkje er villig til å ta grep sjølve.

SV vil ta kampen for dei mange. Politikk handlar om å velja side. Vi seier JA til Sogn og Fjordane. Stem Vibeke Johnsen inn på Stortinget. Godt val.

Yrla Klein
Ungdomskandidat

Vibeke Johnsen
1. kandidat for SV i Sogn og Fjordane

Til toppen