TAKKA FAMILIEN: Tommy Skjerven saman kona Irmelin og sonen Johan.
TAKKA FAMILIEN: Tommy Skjerven saman kona Irmelin og sonen Johan. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ein rørt toppdommar takka familien då han fekk kulturprisen

Torsdag fekk Tommy Skjerven Sogndal kommune sin kulturpris for 2018.

Sogndal: Grunnlaget for prisen var innsatsen hans som fotballdommar både internasjonalt, nasjonalt og ikkje minst lokalt. 

– Skjerven er eit førebilete mange unge håpfulle i Sogndal for den jobben han gjer lokalt, sa ordførar Jarle Aarvoll i talen under prisutdelinga. 

Skjerven har dømt heile 360 kampar i Noreg. Ingen har dømt fleire kampar i Tippeligaen enn kaupingen. Han har òg 120 internasjonale kampar under beltet.

– Anten det er på Stamford Bridge eller Kaupanger stadion så stiller Skjerven opp, fortsatte ordføraren. 

Ein sesong dømte Skjerven i alle divisjonar, frå sjettedivisjon og oppover.

Ymtar om at 2019 er siste sesong

Dommaren retta ein spesiell takk til familien då han mottok prisen.

– Aller mest må eg takka kona mi Irmelin og resten av familien, sa ein rørt Skjerven, som måtte ta ein pause før han greidde å halda fram talen. 

Han er stolt over alt han har oppnådd, men seier han hadde ikkje klart det utan støtte frå kona. 

– Eg har vore mykje vekke desse åra. Fruen har hatt alt ansvaret for familien når eg har vore vekke og eg er svært takksam for alt ho har gjort, seier han.

Skjerven har vore inne på tanken om å gje seg, men offentleggjorde nyleg at han tek enno ein sesong på øvste nivå. 

– Alt har sin slutt og no kan det vera at sesongen 2019 vert min siste. Likevel kjem eg til å bidra mykje i breiddefotballen framover, fortalde Skjerven. 

Til toppen