Ein sesong med både oppturar og nedturar

Jennifer Mjøs er klar for pause etter det som har vore ein god sesong for det unge talentet.


Forrige helg deltok Jennifer på Bergensleikane i Bergen. Det var det siste stemnet for talentet denne sesongen. 

– Bergensleikane gjekk ikkje så bra for meg. Eg spelte fotballkamp på fredagen, noko som tærer veldig på beina. Søndagen begynte eg å blø naseblod rett før løpet skulle starte. Til slutt fant eg ut at eg berre måtte droppe 200 meteren. Det endte opp med at eg berre sprang 100m den helga, fortel den unge løparen. 

– Dette var ein dårlig avslutning på sesongen, men sånn er det når kroppen ikkje vil det samme som eg vil.

Les også: Seniordebuterte i NM: – Større enn eg hadde venta

God sesong
Friidrettsutøvaren fortel at det har vore ein god sesong, og at ho er nøgd med eigen innsats.

– Eg føler fortsatt at eg har meir å gi, som betyr at eg kjem til å satse mot 2017 sesongen! Eg kjem til å jobbe hardt i vinter for å nå måla mine. Eg har vore ganske ambisiøs når eg har satt måla mine for neste år, fortel Jennifer. 

– Det blir kanskje den siste sesongen for meg, etter som at eg vil fokusere på skule. Og eg vil difor gå ut av 2017 med dei best mulige resultata!

Jennifer legg til at ho synest det skal bli godt med ein pause framover. 

– No er både kroppen og det mentale klar for off season. Det har vore ein lang og krevjande sesong med mykje oppturar og nedturar.

Til toppen