BETRE KJEND: Abduljabbar Alammouri og familien hans var glad for den syriske kvelden i Røde Kors-huset. – Dette er ein sjanse for oss til å ta vekk alle dei dårlege inntrykka om syrarar spesielt. Me deler dei same interessene som andre menneske i verda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BETRE KJEND: Abduljabbar Alammouri og familien hans var glad for den syriske kvelden i Røde Kors-huset. – Dette er ein sjanse for oss til å ta vekk alle dei dårlege inntrykka om syrarar spesielt. Me deler dei same interessene som andre menneske i verda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Ein sjanse for oss til å bli betre kjend med kvarandre

Arrangøren fekk problem med plassen då tilflytta syrarar møtte lokalbefolkninga i Aurland.

Aurland: Det var varmt og trangt i Røde Kors-huset i Aurland måndag kveld, men ingen som bar seg av den grunn. Snarare tvert imot. 

Over 130 menneske møtte opp då Sogn jord- og hagebruksskule inviterte til syrisk kveld, der kultur, levesett og mat stod i fokus. 

– Eg er så glad for denne sjansen til å bli betre kjend med kvarandre. Dette er ein sjanse for oss til å ta vekk alle dei dårlege inntrykka om syrarar spesielt. Me deler dei same interessene som andre menneske i verda, seier Abduljabbar Alammouri. 

Lokalbefolkninga møtte opp i hopetal

Måndag kveld fekk han og fleire andre syriske familiar som er busett i Aurland og Lærdal sjansen til å presentere seg sjølv for lokalbefolkninga. Arrangører hadde venta seg rundt 70 gjester. I staden kom det dobbelt så mange.

– Eg må seie eg er positivt overraska. Eg er kjempeglad for at det kom så mange. Det syner at innbyggjarane ønskjer å bli kjend med våre nye vener, seier Marianne Skudal, som har flyktningane i norskopplæring på jord- og hagebruksskulen.

Artikkelen held fram under biletet.

MASSE FOLK: Arrangøren hadde rekna med rundt 70 frammøtte, men i staden kom det dobbelt så mange. Det var varmt og trang, men ingen som klagde. 
MASSE FOLK: Arrangøren hadde rekna med rundt 70 frammøtte, men i staden kom det dobbelt så mange. Det var varmt og trang, men ingen som klagde. 

Som eit resultat av uroligheitene i Midtausten, opplevde Noreg eit voldsomt trykk med flyktningar for litt over eit år tilbake. Mange kommunar har stilt opp. I 2016 busette Lærdal og Aurland til saman 31 flyktningar. 

– Eit steg i rett retning

Men med innvandringane har ein også sett ei polarisering i innvandrings- og integreringsdebatten. Kveldar som den i Aurland i går, er med på å motverke dette.

– Ei slik kveld vil hjelpe andre til å forstå oss og vår kultur. Dei vil også forstå kvifor eg handlar som eg gjer. Difor er ein slik kveld eit viktig steg i rett retning. Me har ein farleg situasjon no. Me er muslimar i Europa, men ikkje alle muslimar er Daesh (IS journ. anm.), seier Mohamed Shaham Dandeshi.

Artikkelen held fram under biletet.

– FARLEG SITUASJON: Mohamed Shaham Dandeshi meiner verda er inne i ein farleg situasjon, der alle muslimar vert skjert over éin kam.
– FARLEG SITUASJON: Mohamed Shaham Dandeshi meiner verda er inne i ein farleg situasjon, der alle muslimar vert skjert over éin kam.

– Daesh er ikkje islam, legg Alammouri til. 

Fortalte om livet i Syria

Dei to, og fleire av dei andre syriske flyktningane, synte fram bilete og fortalte om heimlandet sitt på norsk. Ei fortalte korleis det var då ho gjekk på skule. Alammouri snakka om byen han kom frå og produksjonen av pistasjenøtter, medan ein annan synte før og etter bilete frå krigen. 

– Dei har enormt mykje å lære oss. Dei har ein fantastisk kultur og er utruleg varme menneske. Dette er høgt utdanna folk, som hadde høge stillingar i heimlandet. Dei hadde eit godt liv i Syria, og det er ein sorg for dei å måtte forlate landet sitt, seier Skudal.

Artikkelen held fram under biletet.

FORTALTE: Dei syriske flyktningane fortalte om sin kultur og kvardagslivet i Syria. 
FORTALTE: Dei syriske flyktningane fortalte om sin kultur og kvardagslivet i Syria. 

Ho legg til at integreringa er det viktigaste dei held på med for at flyktningane skal trivast, og ikkje minst at det kanskje må til for at gamle og nye innbyggjarar skal kome endå nærare kvarandre.

Ønskjer slike kveldar oftare

For Dandeshi, ser han på dette som ein sjanse til å vere ambassadør for heimlandet – verkeleg å vise forskjellen på radikale og heilt vanlege muslimar. 

– Difor rådar eg alle som kjem til Noreg om å delta på slike kveldar. Eg håpar me kan gjere dette ofte, gjerne annankvar månad. 

– På denne måten vert også me mykje betre kjend med norsk kultur. I staden for at me får det fortalt på norskopplæringa, kan eg lære fullt og heilt om livet dykkar her, legg Alammouri til. 

Til toppen