MEININGAR: Trude Klingenberg skriv om i dette lesarinnlegget.
MEININGAR: Trude Klingenberg skriv om i dette lesarinnlegget. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

– Ein skal ha rett til å bestemma over sitt eige liv, så langt det let seg gjere.

Det skriv Trude Klingenberg i dette lesarinnlegget.

Meining: Makt, tvang og medråderett har følgt meg sidan eg byrja å studere. Tre sterke ord.

Dei påverka kvardagen til folk uansett om ein er liten eller stor. Menneskjer skal beskyttast for maktovergrep, og ein skal ikkje gjere noko mot andre sin vilje.

Ein skal ha rett til å bestemma over sitt eige liv, så langt det let seg gjere.

Maktovergrep gjer dei svake enda svakare. Yrkesgrupper sit på makt. System som sit på makt. Det er viktig å setje fokus på korleis ein brukar makta. Om ein brukar den på rett eller feil måte.

Korleis eg ikkje ville ha det på sjukeheim

Makt og tvang påverka liv, men på korleis måte handlar om korleis den blir utført.

På fylkesårsmøtet til Senterpartiet i 2017 haldt eg eit innlegg om korleis eg ikkje ville ha det då eg kom på ein sjukeheim. Fokuset var medråderett, makt, tvang, førebygging og trivsel.

I 2018 tok eg føre meg at fire av fem kommunar som vart sjekka bryt lova og gir eit dårleg tilbod til utviklingshemma. Direktøren i helsetilsynet seier at kommunane strevar med å tilpasse til den enkelte at brukaren får medverke. Tenestene blir tilfeldige og har ikkje sikra tilstrekkeleg kompetanse hos dei som arbeidar med utviklingshemma. 

Viktig at ein får tenestene ein har krav på

Det er viktig at ein får tenestene ein har krav på, og at dei skal bli utført trygt og forsvarleg. Ein skal sleppe å kjempe mot eit system. Om systemet jobbar mot, kan jo dette føre til konsekvensar. Me har jo alle lest saker i media der pårørande må kjempe kampane. Om det er foreldre på sjukeheim eller ungar med nedsett funksjonsnivå.

Seinhausten 2017 etterlyste direktøren i helsetilsynet ein overordna debatt om korleis tilbodet til utviklingshemma er organisert, når så mange kommunar svikta i tenestene til dei.

Eg kunne ikkje vore meir einig. Me må finna ei løysing på ei styring som ivaretek rettsikkerheita til desse brukarane året rundt og livet ut.  

Positive og negative rutiner på sjukeheim

I bacholoroppgåva mi skreiv eg om positive og negative rutinar på sjukeheim. Konklusjonen var at rutinane ikkje skulle endrast, men kulturen kunne. Haldningar er viktig i alle yrkesgrupper, men haldningar kan også føre til makt og tvang.

Haldningar kan få brukarane til å føle seg trua.

  • Kva skjer med brukarane?
  • Kva føler dei?
  • Korleis reagera dei?
  • Korleis påverkar dette dei i det lange løp?

Eg trur at haldningar har veldig mykje å seie for:

  • Tenestene
  • Utvikling
  • Rekruttering
Til toppen