ULYKKE: Ein skogsarbeidar blir henta av luftambulanse på Husum i Lærdal
ULYKKE: Ein skogsarbeidar blir henta av luftambulanse på Husum i Lærdal (Foto: Skjermdump/Google maps)

Ein skogsarbeidar har falle ned ei skrent og ut i ei elv

Ein skogsarbeidar i Lærdal har falle ned ein skrent, og blir henta med redningshelikopter.

Lærdal: Politet melder på Twitter at ein skogsarbeidar har falle ned ein skrent og ut i ei sideelv i Lærdal, ved Husum

Skogsarbeideren har kome seg på land og har blitt teken hand om av ein kollega. Naudetatar er på staden. Den skadde blir boren ned til eit redningshelikopter, og han er ved bevisstheit. 

– Han er våken og snakkar, men er nedkjølt og har vondt i beina. Me har helikopter på plassen som vil ta han med seg, men har ikkje fått opplyst kor han blir frakta, seier Per Algrøy i Operasjonssentralen.

Me oppdaterer saka.

Har du tips eller bilete? Kontakt oss på 41765024 eller henrik.lefdal@hotmail.com.

Til toppen