Sogndal: Fjellsportfestivalen i Sogndal har i år fått ein gjest som alltid er å finne i baren. SogndØlen får deg alltid i godt humør, er sjølv lettare bitter og trivst best når det er kaldt.

– Ein sogndøl smakar som sogningar flest, seier bryggerimeister Øystein Meland, utan å utdjupe vidare kva han legg i det.
Les også: Bryggerisjef imponert over Tya-design
Han er ein av grunnleggjarane av bryggeriet Balder som held til på Leikanger. I fleire år har dei samarbeida med Fjellsportfestivalen, noko som har gitt ei rekkje nyvinningar, som fjorårets Rakkar. Det manglar ikkje på kreativitet i det vanlege sortimentet heller, mellom anna har dei både eplepils og øl med smak av bringebær.
Men i botn ligg gamal vestlandsk bryggjeritradisjon, fortel Meland.
– Eg har mykje frå far min, som tok vare på tradisjonen og lærte meg opp. No byggjer vi vidare på det, men vidareforedlar det med moderne utstyr, seier han.