LOKALE RÅVARER: På den årlege Haustmarknaden i Lærdal får ein moglegheit til å kjøpe gode lokale råvarer. Det er blant anna over 40 slag grønsaker å finna på torget. Foto: Anne Karin Skjær.
LOKALE RÅVARER: På den årlege Haustmarknaden i Lærdal får ein moglegheit til å kjøpe gode lokale råvarer. Det er blant anna over 40 slag grønsaker å finna på torget. Foto: Anne Karin Skjær.

Ein smak av Sogn under Haustmarknaden

I helga vert den tradisjonelle Haustmarknaden i Lærdal arrangert, og marknadsnemndi kan freista med både det som heng i trea og det som veks under jorda av lokale råvarer.

  • Endret

I samarbeid med Smak av Sogn arrangerer foreininga Lærdalsmarknaden Haustmarknad denne helga. 

På eit gigantisk grønsakstorg er det mogleg å få kjøpt over 40 slag grønsaker, men ein får også kjøpt alt frå lefsekling og gamalost til skinfeller og spekemat, skriv dei på heimesida

Lokalprodusert mat og drikke

– Me har òg i år gleda av å tjuvstarte Haustmarknaden takka vere samarbeidet foreininga Lærdalsmarknaden har inngått med Smak av Sogn, fortel Marknadsnemndi.

Det betyr at allereie torsdag kan du vera med på pølsekurs og læra deg og laga dampepølsa og spekepølsa. Det er Kari Støfringsdal frå Fjordamattunet som skal halde kurset. 

Dessutan blir nok eit av høgdepunkta besøket frå Ciderhuset i Balestrand og den populære osten frå Undredal. Det blir høve til å smake på produkta under ein ost- og drikkekveld i kulturhuset laurdag. 

– Frå Ciderhuset kan du smake cider, plommedram og dessertvin for å nemne noko. Ein kan smake til med både kvit og brun, lagra, mellomlagra og mindre lagra ost frå Undredal.

40 slag grønnsaker

På torget kan ein finne så mykje som 40 slag grønsaker, men det vil òg vera eit rikeleg utval med sesongvarer.

Om ein vil tileigne seg ny kunnskap, byr arrangørane på kurs, workshops, kulturelle innslag og læra om historie.

Dessutan er det duka for kokkekamp, moglegheit til å gå på vandring og mykje leik og moro for borna. 

Fleire konkurransar

For dei som er glad i å lage mat og har konkurranseinstinket med seg, kan ein under marknaden stille opp i fleire konkurransar.

Marknadsnemndi gjentek suksessen frå i fjor og inviterer alle til å levere inn ei eplekake til konkurransen.

I samband med at Lærdal Grønt har gitt vekk moreller, blir det òg konkurranse om å lage det beste morelleproduktet.

Klikk her for heile programmet til Haustmarknaden i Lærdal.

Til toppen