OPPGRADERT: BMW M3 med «Competition pack» er den beste versjonen av bilen. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema
OPPGRADERT: BMW M3 med «Competition pack» er den beste versjonen av bilen. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

Ein snillare berserk

BMWs heftige familieracer, M3, har fått ein oppgraderingspakke som både gjer den kvikkare og mindre skummel. Men det er framleis ein vill bil.

BMW og M3, det er ein kombinasjon som får bilentusiastar til å høyre etter. Vi snakkar om ein modell som i ei årrekke, gjennom fem bilgenerasjonar, har blanda dei praktiske eigenskapane til den mellomstore familiebilen med spisskompetansen til M-avdelinga på hårete køyretøy.

Siste versjon kom for eit par år sidan, utstyrt med ein sekssylindra motor på 431 hestekrefter. Det er kraftige saker, og ein bil som fortener respekt frå omgivnadene og føraren. Altså ein bil ein så definitivt ikkje bør køyre før ein har bra med erfaring.

Meir hestar

No har M-avdelinga funne ut at den kan gjerast endå betre og endå heftigare, og tilbyr bilen med det dei har kalla «Competition pack» – eit tilval som kostar 80.000 kroner. I tillegg kjem eingongsavgifta på 12.000 kroner meir, grunna høgare effekt. Effekten er auka med 19, slik at det no er 450 hestekrefter under panseret med den karakteristiske bulken. Bilen blir dermed ein tidel raskare frå null til hundre, fire sekund blank.

Artikkelen held fram under biletet.

DYRARE: Oppgraderinga gjer bilen snautt 100.000 dyrare, blant anna er effektavgifta høgare på grunn av dei ekstra 19 hestekreftene.
DYRARE: Oppgraderinga gjer bilen snautt 100.000 dyrare, blant anna er effektavgifta høgare på grunn av dei ekstra 19 hestekreftene.

Viktigare er det at pakken også inneheld fleire oppgraderingar på understellet. Det adaptive sportsunderstellet har nye fjører, demparar og rollbars, medan den aktive differensialen og stabilitetskontrollen også har fått ein ny tuning for å matche dette.

I utgangspunktet er M³ ein bil som er litt skummel å køyre, kreftene kjem så kontant og brutalt at ein jamt over er litt shaky på offentleg veg. Det kjennest som om den når som helst kan hive deg rett til skogs. Det er som å ta ein øl med Begbie frå Trainspotting, det er gøy, men du veit aldri når han snappar og går i berserksmodus.

Artikkelen held fram under biletet.

FEITE VALSAR: 20-tommars felgar følgjer med pakken.
FEITE VALSAR: 20-tommars felgar følgjer med pakken.

Balansert personlegdom

Oppgraderingane, som faktisk gjer bilen endå meir brutal, har klart å fjerne nokre av dei aller skarpaste kantane. Det kjennest som bilen har ein litt meir balansert personlegdom, det er litt enklare å føle seg fram utan at pulsen stadig vekk sprett over 200.

Samtidig er det framleis ein bil ein bør bruke rikeleg med tid på å bli kjent med. Den veka vi hadde den, var på langt nær nok, og det fall meg aldri inn å smekke den i Sport+, der du skrur av det meste av hjelpemiddel.

Samtidig er M3 blitt ein endå meir fascinerande bil med «Competition pack». Breidda i kva M3 byr på, er det ikkje mange andre som kan matche. I utgangspunktet er dette ein fin, mellomstor, familiebil som har bevart komforten ganske bra trass i 20-tommars felgar og sportsunderstell, og samtidig ein bil som i hendene på ein brukbar sjåfør kan køyre frå nær sagt alt på bane.

Artikkelen held fram under biletet.

OPPSTIVAR: Ei karbonramme passar på at bilen held på stivheita når påkjenningane er brutale.
OPPSTIVAR: Ei karbonramme passar på at bilen held på stivheita når påkjenningane er brutale.

Sommarbil

Bilen har i same moment fått endå meir lyd frå eksosanlegget, slik at folk med normal høyrsel fort forstår at det er noko heilt anna enn ein 320d som kjem rullande. Pakken har også nokre estetiske element, som dei nemnde felgane, og svarte, ikkje blanke, M-dekalar rundt omkring på bilen. Svarte er også rammene rundt vindauga. Innvendig har bilen lettvekts sportsstolar og setebelte i eigen design.

Det skal framleis seiast at M3 er ein bil for den erfarne sjåføren, men denne oppgraderinga har gitt køyreeigenskapar som både kjennest betre og meir føreseielege. M3 er no kanskje den heftigaste familiebilen på marknaden, samtidig er det slik at det nye oppsettet neppe gjer den spesielt eigna til norsk haust- og vinterklima. Men så lenge asfalten er varm og tørr, er det ein fantastisk bil.

INNSTILLINGAR: M3 med denne utstyrspakken har nye konfigureringar av køyremodusane. Ein kan stille dei inn separat for gir, styring, gassrespons og understell.
INNSTILLINGAR: M3 med denne utstyrspakken har nye konfigureringar av køyremodusane. Ein kan stille dei inn separat for gir, styring, gassrespons og understell.
Til toppen