MINNERIK TUR: I følgje AUF var dette ein minnerik og lærerik tur for ungdommane. Foto: Jostein Vedvik
MINNERIK TUR: I følgje AUF var dette ein minnerik og lærerik tur for ungdommane. Foto: Jostein Vedvik

– Ein stad der gleda og kjærleiken er aller størst

Lærdal/Årdal: Det er ein tradisjon at politisk engasjerte ungdommar frå heile landet samlar seg på sommarleir på Utøya i Tyrifjorden. Dette er andre gong leiren blir arrangert etter den tragiske hendinga i 2011. I år var temaet for leiren: "Vi byggjer landet for framtida."

Sogn og Fjordane har ikkje stilt så mannsterke på leiren før, men i år var det heile 19 engasjerte ungdommar frå fylket. Dette er ei stor øking frå forrige år, der fire personar frå Sogn og Fjordane deltok.

Leiar i Lærdal og Årdal AUF, Olav Vindedal Erikstad, seier at dei har opplevd og lært svært mykje på leiren.

– I løpet av leiren har me gjort og opplevd veldig mykje. Me har høyrd på talar av folk og politikarar,  som til dømes Jonas Gahr Støre og Sveriges statsminister Stefan Löfven.  I tillegg har me fått underhaldning av Harald Eia, fått kurs i debattering  og diskutert tema som psykisk helse med skam Vilde. 

Les også: – Saman er me sterkare

Leiaren legg til at det har ikkje vore kun politikk på programmet, men også sosiale ting som grilling og bading.

Artikkelen held fram under bilete.

VANN TURNERING: Gjengen frå Sogn og Fjordane hadde som mål å ikkje kome på siste plass i volleyball-turneringa, men dei stakk av med seieren og vann turneringa.
VANN TURNERING: Gjengen frå Sogn og Fjordane hadde som mål å ikkje kome på siste plass i volleyball-turneringa, men dei stakk av med seieren og vann turneringa.

Høgdepunkt

Høgdepunktet for Olav var når den Svenske statsministaren og Jonas Gahr Støre besøkte leiren.

– Me var nærmare 1000 folk inne i ein sal der stemninga var heilt på topp. Når dei kom inn i salen stod alle dei 1000 personane opp og gav dei ståande applaus.

– Eit anna viktig høgdepunkt er det sosiale. Det har vore heilt grunnleggande for den gode stemninga og vakre atmosfæren som er på utøya.

Ville ha øya tilbake

Dei fleste kjenner til historia om den mørke julidagen på Utøya i 2011, der 69 personar vart drepne. AUF har jobba hardt for å ta tilbake Utøya etter den tragiske hendinga. Dette har i følgje Vindedal vore ein vanskelig jobb for ungdomsorganisasjonen.  ​

MINNESMERKE: På bilete ovanfor ser ein navna til alle som mista livet under tragedien i 2011.
MINNESMERKE: På bilete ovanfor ser ein navna til alle som mista livet under tragedien i 2011.

– Hendinga har heilt klart har satt sitt preg på utøya. I løpet av dei siste åra har AUF kjempa for å ta til bake vår kjære øy, noko som har vore ein vanskelig og krevande jobb. Under denne prosessen har store deler av Utøya blitt pussa opp. Det har også blitt satt opp eit lite museum som viser det originale bygget som sto under angrepet 22 juli. På øya er det eit minnesmerke som er til ære og for å minnast alle som gikk vekk 22 juli.

– Ein av AUF sine viktigaste ting i denne prosessen er å ikkje la frykta vinne og la dei som vart ramma få vere med oss i framtida. 

 Leiaren legg til at folk flest forbinder Utøya som ein trist stad, men sanninga er at dette er ein stad der gleda og kjærleiken er aller størst.

– Me reiser heim frå Utøya med mange erfaringar, kunnskap, nye vener og ikkje minst eit fantastisk sommarminne. 

 

Til toppen