STORE SKADER: Traileren står like utanfor tunnelen og har fått store skader. Bussen står omlag 50 meter inne i tunnelen.
STORE SKADER: Traileren står like utanfor tunnelen og har fått store skader. Bussen står omlag 50 meter inne i tunnelen. (Bilde: Marita Saue Hamre/Avisa Hordaland)

Bussjåfør er den omkomne etter frontkollisjon med trailer

Sognabussen var på veg frå Sogndal til Bergen då ulukka skjedde. Politiet har starta etterforsking, men veit enno ikkje årsaka til kollisjonen.

Voss: Politiet stadfester at det var sjåføren av bussen som omkom i ulukka på E16 i Voss  tidlegare i dag. Dei har varsla næraste pårørende og vil følgje opp familien i samarbeid med deira heimkommune.

Det var like før klokka 15.00 måndag ettermiddag at ein buss frå selskapet Nettbuss kolliderte front mot front med ein trailer på E16 ved Nakkagjelstunnelen. Bussen forlet Sogndal klokka 11.30 og var på veg mot Bergen.

Klokka 16.24 vart det meldt at ein person hadde omkome i ulukka, medan fem var lettere skada og sende til Voss sjukehus og Bergen legevakt. Tolv personar kom frå ulukka utan fysiske skadar.

Politiet opplyser i kveld at dei har starta etterforsking, men veit førebels ikkje kva som var årsaka ulukka. Krimteknikarar frå politiet og ulukkesgruppa til Statens vegvesen gjer undersøkingar på staden, noko som er rutine ved alle alvorlege trafikkulukker. Fleire vitne har blitt avhøyrde på staden. Avhøyra vil halda fram i Bergen og på Voss utover ettermiddagen og kvelden. 

Ifølgje Avisa Hordaland stod bussen omkring femti meter inne i tunnelen etter ulukka, medan vogntoget stod like utanfor Nakkagjeltunnelen i retning Voss.

ULUKKE: Ulukka skjedde på E16, om lag fire kilometer vest for Evanger i Voss kommune. Foto: Skjermdump/Google Maps

– Eg traff ein blodig mann som kom gåande fra bussen. Han verka å vere i sjokk, men fortalte at det ikkje var hans blod, men at det kom frå ein medpassasjer. Han understreka at han hadde brukt bilbelte, fortel Sjur Herre, tidlegare journalist og fotograf i Avisa Hordaland, til VG.

Lastebilen var frå transportfirmaet Asko Vest. Til BT seier administrerande direktør Edvin Reidar Nilsson at dei har vore i kontakt med sjåføren, som etter det dei forstår ikkje er alvorlig skada.

Politiet har oppretta ein telefon for pårørande: 815 02 800.

Vegtrafikksentralen melder at E16 vil bli stengt, truleg fram til midnatt, som følgje av ulukka. Tilrådd omkøyring er via Norheimsund på fylkesveg 7, der det no blir køyrt med leiebil mellom Granvin og Fyksesund Bru. Det er omlag ein time mellom kvar kolonne.

Har du tips eller bilete frå ulukka? Send til tips@porten.no eller på SMS til 907 03 711.

Til toppen